2034_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2034
Framleis synkande sysselsetjing
statistikk
2009-11-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis synkande sysselsetjing

Frå juni til september var det ein nedgang i sysselsetjinga på 23 000 personar. Arbeidsløysa låg stabilt, slik at dei arbeidsløyse i september utgjorde 3,1 prosent av arbeidstyrken.

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga eit fall i sysselsetjinga på 0,8 prosent frå juni (gjennomsnitt for mai-juli) til september (gjennomsnitt for august-oktober). Nedgangen i sysselsetjinga er sterkast for dei under 25 år og fordeler seg likt mellom kvinner og menn.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Framleis stabil arbeidsløyse

I følgje arbeidskraftundersøkinga (AKU) auka den sesongjusterte arbeidsløysa med 3 000 personar frå juni til september. Oppgangen svarte til 0,1 prosentpoeng. Dette ligg innanfor feilmarginen til slike endringstal i AKU.

Arbeidsløysa for august har blitt revidert ned 0,1 prosentpoeng, frå 3,2 til 3,1 prosent

Til samanlikning sto talet på registrerte arbeidslause hos NAV stille frå juni til september. Talet på personar på arbeidsmarknadstiltak auka derimot med 4 000 personar. Også desse tala er justert for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Arbeidstyrken er summen av arbeidslause og sysselsette mellom 16 og 74 år. Mellom juni og september ser vi ein nedgang i sysselsetjinga på 23 000, mens vi har ein stiging i talet på arbeidslause på 3 000. Dette gir ein netto nedgang i arbeidsstyrken på 20 000. Frå dei sist publiserte kvartalstala frå AKU (ikkje sesongkorrigerte tal) ser vi at veksten i personar utanfor arbeidsstyrken har kome blant dei som studerer og dei som er førtidspensjonerte/uføre.

Samanheng mellom omgrepa

Arbeidslause + Sysselsette = Arbeidstyrken

Arbeidsstyrken + Utanfor arbeidsstyrken = Befolkninga

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Framleis vekst i arbeidsløysa i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. I EU steig den samla arbeidsløysa med 0,2 prosentpoeng til 9,6 prosent, mens ho i Frankrike i september var på 10,0 prosent, opp 0,5 prosentpoeng frå juni. Danmark hadde i den same perioden ein auke på 0,3 prosentpoeng, og hadde i september ei arbeidsløyse på 6,3 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vere busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi fall i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut som reduksjon i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i ”Om statistikken” , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir iblant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: