2036_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2036
Nedgang i sysselsetjinga
statistikk
2009-10-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i sysselsetjinga

Frå mai til august var det ein nedgang i sysselsetjinga på 22 000 personar. Dei arbeidslause utgjorde i august 3,2 prosent av arbeidsstyrken.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Den fallande trenden i sysselsetjinga frå hausten 2008 held fram. Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftsundersøkinga ein nedgang i sysselsetjinga på 22 000 personar, eller 0,9 prosent frå mai (gjennomsnitt for april-juni) til august (gjennomsnitt for juli-september). Ungdom har kraftigast nedgang i sysselsetjinga.

Stabil arbeidsløyse

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 1 000 personar frå mai (gjennomsnitt for april-juni) til august (gjennomsnitt for juli-september), ifølgje arbeidskraftundersøkinga (AKU). Oppgangen frå mai til august var på 0,1 prosentpoeng. Dette ligg innanfor feilmarginen til slike endringstal i AKU. Arbeidsløyseprosenten for juli vart revidert opp frå 3,0 til 3,1 prosent.

Til samanlikning auka talet på registrerte arbeidslause hos Nav med 1 000 personar frå mai til august. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak, var auken på 4 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Jamført med 2008 har begge statistikkane vist ein klår vekst i arbeidsløysa. Men AKU viser ein lågare vekst enn tala frå Nav. Det er fleire årsaker til at AKU og tala frå Nav viser ulik utvikling for arbeidsløysa, og dette er omtalt nærare i eit eige notat .

Framleis oppgang i arbeidsløysa i Europa

Arbeidsmarknaden i Europa viser framleis oppgang i arbeidsløysa. I Tyskland steig arbeidsløysa med 0,1 prosentpoeng, til 7,7 prosent, medan ho i Frankrike i august var på 9,9 prosent, opp 0,5 frå i mai. Sverige hadde i den same perioden ein auke på 0,9 prosentpoeng, og hadde i august ei arbeidsløyse på 9,4 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vere busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet, vil det ikkje gi nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk uvisse og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september. Uvisse i samband med utvalet fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir iblant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: