2040_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2040
Stabil arbeidsløyse og sysselsetting
statistikk
2009-08-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse og sysselsetting

Arbeidsløysa utgjorde i juni 3,0 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen frå 3,2 prosentpoeng i mars ligg innanfor feilmarginen.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Ifølgje Arbeidskraftundersøkinga (AKU) minska den sesongjusterte arbeidsløysa med 5 000 personar frå mars (gjennomsnitt for februar-april) til juni (gjennomsnitt for mai-juli). Dette ligg så vidt innanfor feilmarginen i AKU som ein reknar er mellom 5 000 og 6 000. Nedgangen som AKU syner, kom blant dei over 24 år.

Talet på registrerte arbeidslause hos NAV auka med 6 000 personar i same periode. Legg ein til personar på arbeidsmarknadstiltak var auken på 8 000 personar. Også desse tala er justerte for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Når den registrerte arbeidsløysa har synt ein viss vekst gjennom 2009 jamført med meir stabile tal frå AKU, kan det forutan tilfeldige utslag i AKU også kom av at AKU ikkje fangar like godt opp veksten i arbeidsløysa blant nye grupper av innvandrarar. Jamført med 2008 har begge statistikkane vist ein klår vekst i arbeidsløysa. Men også for denne perioden syner AKU ein lågare vekst enn tala frå NAV. Det er fleire årsaker til at AKU og tala frå NAV syner ulik utvikling og dette er omtalt nærare i eit eige notat .

Aukande arbeidsløyse i andre land

I perioden mars til juni steig arbeidsløysa framleis i EU og USA. Mellom anna steig ho med 1 prosentpoeng i både Sverige og Danmark til respektive 9,0 og 6,2 prosent. I USA gjekk arbeidsløysa opp frå 8,5 til 9,5 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Stabil sysselsetjing

Frå mars (gjennomsnitt for februar-april) til juni (gjennomsnitt for mai-juli) auka sysselsetjinga med 6 000 personar, noko som ligg innanfor feilmarginen i AKU. Når ein tek omsyn til feilmarginen, har sysselsetjinga halde seg på same nivå sidan mai 2008. Sjølv om sysselsetjingstala samla sett har halde seg stabile, skjer det likevel endringar. Auke i sysselsetjinga i offentleg sektor har mellom anna motverka nedgang i byggje- og anleggsverksemd og nokre delar av industrien.

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I Nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1 000

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskriva utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusera den statistiske usikkerheita, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken" , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: