2044_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2044
Stabil arbeidsmarknad
statistikk
2009-06-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, april 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsmarknad

Frå januar til april var det berre små endringar i sysselsetjing og arbeidsløyse. Arbeidsløysa var 3,1 prosent av arbeidstyrken i april.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1000

Sesongjusterte tal viser at sysselsetjinga i april (gjennomsnitt for mars-mai) heldt seg på det same nivået som i januar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar). Tek ein omsyn til feilmarginen, har sysselsetjinga halde seg på same nivået sidan mai 2008.

Små endringar i arbeidsløysa

Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med 3 000 personar frå januar (gjennomsnitt for desember-februar) til april (gjennomsnitt for mars-mai), viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Ved den førre månadspubliseringa var arbeidsløysa 3,2 prosent, medan ho no var 3,1 prosent. Denne skilnaden er ikkje statistisk signifikant. Marginale endringar i talet på arbeidslause og arbeidstyrken, kan på grunn av avrundingar gje utslag i tidelen på arbeidsløyseprosenten.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2009. 1 000

Talet på registrerte arbeidslause pluss personar på arbeidsmarknadstiltak hos Nav auka med 14 000 i den same perioden. Også dette talet er justert for sesongvariasjonar.

NAV meldar 26. mars 2010 at kodingsfeil i deira tal gjorde at 4700 personar vart feilaktig registrert som helt ledige i februar 2010. Feilen var mindre for tidligare månadar, men går tilbake til høsten 2008. Dette har ingen følgjer for AKU-tala til SSB, berre for samanligningane med NAV sine tal. Les meir om dette på NAV sine heimesider , eller ta kontakt med stein.langeland@nav.no

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar auka med 34 000 frå januar til april.

Aukande arbeidsløyse i andre land

I perioden januar-april steig arbeidsløysa i EU og USA. Mellom anna steig arbeidsløysa i Danmark frå 4,6 til 5,5 prosent. I USA steig arbeidsløysa i den same perioden frå 8,1 til 8,9 prosent. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2004-2009. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2009. 1000

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette i mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Om desse mister arbeidet vil det ikkje gje nedgang i sysselsetjinga eller auke i arbeidsløysa. I nasjonalrekneskapstala (NR) vert sysselsette som ikkje er busette, rekna med i talet på sysselsette så lenge dei arbeider ved ei verksemd i Noreg. Går sysselsetjinga ned i denne gruppa, slår difor dette ut i nedgang i talet på sysselsette i NR. SSB gir ut ein eigen statistikk ein gong i året for alle dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Statistisk usikkerheit og tolking av sesongjusterte tal

Føremålet med sesongjusteringa er å beskrive utviklinga gjennom året, reinsa for sesongsvingingar. For å redusere den statistiske usikkerheita, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Utvalsusikkerheit fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein tolkar tala i AKU. Vanlegvis samanliknar vi dei siste ikkje-overlappande tremånadersperiodane. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU kan du finne i Om statistikken , punkt 5.3.

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Revisjon

For kvar ny månad blir heile tidsserien laga på nytt, og tala frå tidlegare månader blir i blant endra noko. Sjå Revisjonsrutinar for meir informasjon om dette.

Tabeller: