2066_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2066
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2008-08-01T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

Arbeidsløysa utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i mai, det same som i februar. Det var framleis vekst i sysselsetjinga, men veksten var noko avtakande.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 15 000 personar, eller 0,6 prosent, frå februar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars) til mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni). Det har vore ein nedgang i veksten frå hausten 2007 da tremånadersveksten var på over 30 000 personar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidsløysa på same nivå

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i mai (gjennomsnitt for april-juni), det same som i februar (gjennomsnitt for januar-mars). Talet på registrerte arbeidslause hos Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak auka med 1 000 i same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 24 000 frå februar (gjennomsnitt for januar-mars) til mai (gjennomsnitt for april-juni), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå februar til mai, mellom anna i Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2003-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånaderssperioden som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller: