2068
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2068
Framleis vekst i sysselsetjinga
statistikk
2008-06-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i sysselsetjinga

Talet på sysselsette gjekk opp med 18 000 frå januar til april. Arbeidsløysa utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i april.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 18 000 personar, eller 0,7 prosent, frå januar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar) til april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai). Veksten i sysselsetjinga heldt dermed fram.

Arbeidsløysa på same nivå

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i april (gjennomsnitt for mars-mai), mot 2,4 prosent i januar (gjennomsnitt for desember-februar). Oppgangen på 0,1 prosentpoeng, tilsvarande 2 000 personar, ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV) pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak var uendra i same periode, justert for sesongvariasjonar.

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 37 000 frå januar (gjennomsnitt for desember-februar) til april (gjennomsnitt for mars-mai), justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå januar til april 2008, mellom anna i Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle dei internasjonale tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2003-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånaderssperioden som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB