2070
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2070
Framleis aukande sysselsetjing
statistikk
2008-05-22T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis aukande sysselsetjing

Talet på sysselsette gjekk opp med 19 000 frå desember 2007 til mars 2008. Arbeidsløysa utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i mars, det same som i desember.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 19 000 personar, eller 0,8 prosent, frå desember (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden november - januar) til mars (gjennomsnitt for tremånadersperioden februar - april). Veksten i sysselsetjinga heldt dermed fram. Denne veksten kjem både frå nettoinnvandring og auka yrkesdeltaking blant dei busette.

Arbeidsløysa på same nivå

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i mars (gjennomsnitt for februar - april), det same som i desember (gjennomsnitt for november - januar). Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak var uendra i same periode, justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 22 000 frå desember (gjennomsnitt for november - januar) til mars (gjennomsnitt for februar - april), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå desember 2007 til mars 2008, mellom anna i Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2003-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB