2072
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2072
Veksten i sysselsetjinga held fram
statistikk
2008-04-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Veksten i sysselsetjinga held fram

Sysselsetjinga gjekk opp med 22 000 personar frå november 2007 til februar 2008. Arbeidsløysa var stabil og utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i februar.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 22 000 personar, eller 0,8 prosent, frå november (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars). Det var vekst i sysselsetjinga gjennom heile 2007, og denne utviklinga har halde fram i byrjinga på 2008.

Arbeidsløysa var stabil

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i februar (gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars), mot 2,5 prosent i november (gjennomsnitt for oktober-desember). Nedgangen på 0,1 prosentpoeng som utgjer 2 000 personar, ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 1 000 personar i same periode, justert for sesongvariasjonar. Framleis aukande sysselsetjing og låg arbeidsløyse fører med seg at arbeidsmarknaden har heldt seg stram i byrjinga på 2008.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 31 000 frå november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember) til februar (gjennomsnitt for januar-mars), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå november 2007 til februar 2008, mellom anna i Sverige, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2003-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrert som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB