2074
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2074
Framleis fleire sysselsette
statistikk
2008-04-01T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis fleire sysselsette

Sysselsetjinga auka med 23 000 personar frå oktober 2007 til januar 2008. Arbeidsløysa utgjorde 2,3 prosent av arbeidsstyrken i januar.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2008. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 23 000 personar, eller 0,9 prosent, frå oktober (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november) til januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar). Det var vekst i sysselsetjinga gjennom heile 2007, og denne utviklinga heldt dermed fram i byrjinga på 2008.

Arbeidsløysa nesten uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,3 prosent av arbeidsstyrken i januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar), mot 2,5 prosent i oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng som utgjer 4 000 personar, ligg innanfor utvalsuvissa i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 2 000 personar i same periode, justert for sesongvariasjonar. Framleis aukande sysselsetjing og låg arbeidsløyse gjorde at arbeidsmarknaden heldt seg stram inn i 2008.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2008. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk ned med 5 000 frå oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november) til januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar), justert for sesongvariasjonar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå oktober 2007 til januar 2008, mellom anna i Sverige, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2003-2008. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB