2076
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2076
Talet på sysselsette aukar framleis
statistikk
2008-02-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Talet på sysselsette aukar framleis

Talet på sysselsette gjekk opp med 30 000 personar frå september til desember 2007. Arbeidsløysa utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i desember månad.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein auke i sysselsetjinga på 30 000 personar, eller 1,2 prosent, frå september - målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober - til desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar). Den sterke veksten kjem både av ein generell auke i delen som er sysselsett og av arbeidsinnvandring særleg frå nye EU-land i Aust-Europa. Ein større del av arbeidsinnvandrarane får nå opphaldsløyve på meir enn seks månader og vert talt med i AKU frå første dag.

Arbeidsløysa nesten uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,4 prosent av arbeidsstyrken i desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar), mot 2,6 prosent i september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng som utgjer 4 000 personar, ligg innanfor utvalsuvissa i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 3 000 personar i same periode, justert for sesongvariasjonar. Medan talet på registrerte arbeidslause hos NAV har falle gjennom heile 2007, har talet på arbeidslause målt i AKU vore stabilt frå sommaren og ut året. Også AKU viste fall i arbeidslause registrerte hos NAV, men viste samstundes ein auke i arbeidslause personar som ein ikkje finn i registeret hos NAV. I all hovudsak er dette ungdom under utdanning.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk à 37,5 timar gjekk opp med 21 000 frå september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober) til desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november-januar), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå september til desember, mellom anna Sverige, Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i USA. Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2003-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året, og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB