2078
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2078
Framleis vekst i sysselsetjinga
statistikk
2008-01-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i sysselsetjinga

Talet på sysselsette gjekk opp med 40 000 personar frå august til november 2007, medan arbeidsløysa heldt seg uendra på 2,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 40 000 personar, eller 1,6 prosent, frå august (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september) til november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember). Den sterke veksten kjem både av ein generell auke i andelen som er sysselsett og av arbeidsinnvandring særleg frå nye EU-land i Aust-Europa. Dette har si årsak i ein vekst i arbeidsinnvandring generelt og at ein større del av arbeidsinnvandrarne no får opphaldsløyve på meir enn seks månader og vert talt med i AKU frå første dag. SSB offentleggjer tal for sysselsette på korttidsopphald for 4. kvartal kvart år. Denne statistikken byggjer på ulike offentlege registre, og tala for 4. kvartal 2007 er ikkje klar før i juni.

Arbeidsløysa uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember), det same som i august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september). På grunn av utvalsuvissa i AKU kan det likevel ikkje utelukkast at det kan ha vore ein mindre oppgang eller nedgang. Talet på registrerte arbeidslause hjå NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 2 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar. Medan talet på registrerte arbeidslause hjå NAV har falle gjennom heile 2007, har talet på arbeidslause målt i AKU vore stabilt frå sommaren og ut året. Også AKU viste fall i arbeidslause registrert hjå NAV, men viste samtundes ein auke i arbeidslause personar som ein ikkje finn i registeret hos NAV. I all hovudsak er dette ungdom under utdanning.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar) gjekk opp med 28 000 frå august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september) til november (gjennomsnitt for tremånadersperioden oktober-desember), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i Sverige og USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå august til november, mellom anna Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i land som Sverige og USA. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .)

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2003-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB