2080
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2080
Veksten i sysselsetjinga held fram
statistikk
2008-01-08T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taloktober 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Veksten i sysselsetjinga held fram

Talet på sysselsette gjekk opp med 29 000 personar frå juli til oktober 2007. Arbeidsløysa var på 2,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser Arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 29  000 personar, eller 1,2 prosent, frå juli (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august) til oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november).

Arbeidsløysa uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november), det same som i juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august). Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU, og utelukker ikkje at det kan ha vore ein mindre oppgang eller nedgang. Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 3 000 personar i same periode, justert for sesongvariasjonar.

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar) gjekk opp med 27 000 frå juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august) til oktober (gjennomsnitt for tremånadersperioden september-november), justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Nedgang i arbeidsløysa i mange land, men oppgang i Sverige og USA

Arbeidsløysa gjekk ned i mange land frå juli til oktober, mellom anna Danmark, Frankrike og Tyskland, men auka i viktige land som Sverige og USA. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .)

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrert som busett i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busett her eller som reknar med å vera busett mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB