2082
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2082
Fleire i arbeid
statistikk
2007-11-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire i arbeid

Talet på sysselsette gjekk opp med 22 000 personar frå juni til september 2007. Arbeidsløysa var på 2,6 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 22 000 personar, eller 0,9 prosent, frå juni (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli) til september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober).

Arbeidsløysa omlag uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,6 prosent av arbeidsstyrken i september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober), 0,1 prosentpoeng, eller 2 000 personar, over talet i juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli). Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 3 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) minka med 10 000 frå juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli) til september (gjennomsnitt for tremånadersperioden august-oktober), justert for sesongvariasjonar. Dette ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Nedgang i arbeidsløysa i Danmark

I Danmark minka arbeidsløysa frå 3,7 prosent i juni til 3,2 prosent i september. I Sverige gjekk arbeidsløysa opp frå 5,8 prosent i juni til 5,9 prosent i september. Foreløpige tal frå Frankrike viser ein nedgang i arbeidsløysa frå 8,7 prosent til 8,6 prosent i den same tremånadersperioden.

Tala frå Tyskland er nå laga på grunnlag av arbeidskraftundersøkinga tilsvarande dei andre landa i EU, noko som ikkje var tilfelle tidlegare. Dei reviderte tala gjorde at nivået på arbeidsløysa auka med 1-2 prosentpoeng, men utviklinga med fallande arbeidsløyse dei siste åra går også fram av dei nye tala. Arbeidsløysa gjekk ned frå 8,4 prosent i juni til 8,1 prosent i september.

Revisjonen av tala for Tyskland fører også til ein auke i nivået for EU-15 landa sett under eitt. I EU-15-landa sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned frå 7 prosent i juni til 6,9 prosent i september. I USA steig arbeidsløysa frå 4,5 til 4,7 prosent. Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk ein gong i året for dei som ikkje er registrerte som busette. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB