2084
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2084
Stabil arbeidsløyse
statistikk
2007-10-31T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabil arbeidsløyse

Talet på arbeidslause var uendra frå mai til august 2007 og utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 13 000 personar eller 0,5 prosent frå mai (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni) til august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september). Denne auken ligg innanfor feilmarginen i AKU.

Arbeidsløysa på same nivå

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september), det same som i mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni). Talet på registrerte arbeidslause hos NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 3 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) minka med 19 000 frå mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni) til august (gjennomsnitt for tremånadersperioden juli-september), justert for sesongvariasjonar.

Nedgang i arbeidsløysa i Sverige og Danmark

I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 6,2 prosent i mai til 5,7 prosent i august. I Danmark minka arbeidsløysa frå 3,7 prosent til 3,3 prosent i den same perioden. Også i Frankrike var det ein nedgang i arbeidsløysa frå 8,8 prosent til 8,6 prosent i den same tremånadersperioden. Foreløpige tal frå Tyskland syner ein nedgang i arbeidsløysa frå 6,5 prosent til 6,3 prosent. I EU-15 landa sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned frå 6,6 prosent i mai til 6,5 prosent i august. I USA steig arbeidsløysa frå 4,5 til 4,6 prosent. (Alle tala er sesongjusterte, og henta frå Eurostat .)

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for dei som ikkje er registrerte som busette ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ei eiga publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB