2086
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2086
Sysselsetjinga stig framleis
statistikk
2007-09-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sysselsetjinga stig framleis

Veksten i sysselsetjinga held fram. Talet på sysselsette personar gjekk opp med 17 000 frå april til juli 2007.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 17 000 personar eller 0,7 prosent frå april (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai) til juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august).

Arbeidsløysa nesten uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august), mot 2,7 prosent i april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng (4 000 personar) ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause ved NAV pluss personar på ordinære arbeidsmarknadstiltak gjekk ned med 4 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) minka med 6 000 frå april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai) til juli (gjennomsnitt for tremånadersperioden juni-august), justert for sesongvariasjonar. Dette er innanfor feilmarginen i AKU.

Nedgang i arbeidsløysa i Sverige og Danmark

I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 6,1 prosent i april til 5,4 prosent i juli. I Danmark minka arbeidsløysa frå 3,5 prosent til 3,2 prosent i den same perioden. Også i Frankrike var det ein nedgang i arbeidsløysa frå 8,8 prosent til 8,5 prosent i den same tremånadersperioden. Foreløpige tal frå Tyskland syner ei nedgang i arbeidsløysa frå 6,6 prosent til 6,4 prosent. I EU-15 landa sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned frå 6,7 prosent i april til 6,6 prosent i juli. I USA steig arbeidsløysa frå 4,5 til 4,6 prosent. (Alle tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .)

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. Nokre av desse vil seinare busette seg og kjem då med i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for dei som ikkje er registrert som busette ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB