2088
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2088
Framleis stigning i sysselsetjinga
statistikk
2007-08-24T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuni 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis stigning i sysselsetjinga

Talet på sysselsette personar gjekk opp med 19 000 frå mars til juni i 2007.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Veksten i sysselsetjinga held fram. Justert for sesongvariasjonar viser arbeidskraftundersøkinga (AKU) ein vekst i sysselsetjinga på 19 000 personar frå mars (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april) til juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli).

Arbeidsløysa nesten uendra

Den sesongjusterte arbeidsløysa utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli), mot 2,7 prosent i mars (gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng (5 000 personar) ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 4 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Auke i utførte vekeverk

Det sesongjusterte talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer), auka med 40 000 frå mars (gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april) til juni (gjennomsnitt for tremånadersperioden mai-juli).

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Lågare arbeidsløyse i Sverige og Danmark

I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 6,2 prosent i mars til 5,3 prosent i juni. I Danmark minka den frå 4 prosent til 3,5 prosent i den same perioden. Også i Tyskland var det ein nedgang i arbeidsløysa frå 6,9 prosent til 6,4 prosent frå mars til juni, medan den i Frankrike gjekk ned frå 8,8 prosent til 8,6 prosent i den same perioden.

I EU-15 landa sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned frå 6,8 prosent i mars til 6,6 prosent i juni. I USA var arbeidsløysa stabil. Alle tala er sesongjusterte, og dei er henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for desse gruppene ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB