2090
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2090
Framleis aukande sysselsetjing
statistikk
2007-08-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis aukande sysselsetjing

Sysselsetjinga auka med nærmare 20 000 personar frå februar til mai 2007.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Veksten i sysselsetjinga held fram her til lands. Justert for sesongvariasjonar viser AKU ein vekst i sysselsetjinga på 19 000 personar frå februar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars) til mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni).

Arbeidsløysa nesten uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,5 prosent av arbeidsstyrken i mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni), mot 2,7 prosent i februar (gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars). Nedgangen på 0,2 prosentpoeng (4 000 personar) ligg innanfor feilmarginen i AKU. Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk også ned med 4 000 personar i den same perioden, justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) auka med 15 000 frå februar (gjennomsnitt for tremånadersperioden januar-mars) til mai (gjennomsnitt for tremånadersperioden april-juni), justert for sesongvariasjonar. Dette er innanfor feilmarginen i AKU.

Nedgang i arbeidsløysa i EU-15-landa

I EU-15-landa sett under eitt gjekk arbeidsløysa ned frå 6,9 prosent i februar til 6,7 prosent i mai. I Tyskland var arbeidsløysa 6,6 prosent i mai, ein nedgang med 0,5 prosentpoeng sidan februar. I Frankrike minka arbeidsløysa frå 8,9 prosent til 8,7 prosent i den same perioden. I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 6,5 prosent til 6,2 prosent i den same tremånadersperioden. I Danmark, Storbritannia og USA var arbeidsløysa stabil. Alle tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som i Folkeregisteret er registrerte som busette. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her, eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for desse gruppene ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon er å skildre utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa er dei publiserte AKU-tala eit tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB