2092
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2092
Aukande sysselsetjing
statistikk
2007-06-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talapril 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Aukande sysselsetjing

Sysselsetjinga auka med 16 000 personar frå januar til april, syner sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var i april på 2,7 prosent.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar syner AKU ein vekst i sysselsetjinga på 16 000 personar frå januar (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar) til april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai).

Arbeidsløysa uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,7 prosent av arbeidsstyrken i april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai), som er same nivå som i januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar). Arbeidsløysa hadde ein topp sommaren 2005, då 4,9 prosent av arbeidsstyrken var utan arbeid, og har sidan gått jamt nedover. Ho er no på same nivå som ved førre botn, som var i byrjinga av 1999.

Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 4 000 personar frå januar til april 2007, justert for sesongvariasjonar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) auka med 6 000 frå januar (gjennomsnitt for tremånadersperioden desember-februar) til april (gjennomsnitt for tremånadersperioden mars-mai), justert for sesongvariasjonar. Dette er innanfor feilmarginen i AKU.

Framleis stor nedgang i arbeidsløysa i Tyskland

I april var arbeidsløysa i Tyskland 6,7 prosent, ein nedgang med 0,9 prosentpoeng sidan januar. I Frankrike minka arbeidsløysa frå 8,9 prosent til 8,6 prosent i den same perioden. I EU-15 landa sett under eitt, gjekk arbeidsløysa ned frå 7 prosent til 6,8 prosent. I Sverige gjekk arbeidsløysa ned frå 6,5 prosent til 6,2 prosent i den same tremånadersperioden. I Danmark, Storbritannia og USA var arbeidsløysa stabil. (Alle tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .)

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busette i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busette her eller som reknar med å vera busette mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for desse gruppene ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .


Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB