2094
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2094
Arbeidsløysa på same nivå
statistikk
2007-05-30T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Arbeidsløysa på same nivå

Arbeidsløysa og sysselsetjinga endra seg lite frå desember 2006 til mars 2007, syner sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU). Arbeidsløysa var i mars på 2,7 prosent.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2007. 1 000

Justert for sesongvariasjonar syner AKU ein vekst i sysselsetjinga på 13 000 personar frå desember (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden november til januar) til mars (gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april). Denne auken i sysselsetjinga er lågare enn veksten dei føregåande månadene og ligg nå innanfor feilmarginen.

Arbeidsløysa nesten uendra

Arbeidsløysa, sesongjustert, utgjorde 2,7 prosent av arbeidsstyrken i mars (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden februar-april), mot 2,8 prosent i desember (gjennomsnitt for tremånadersperioden november- januar). Nedgangen på 0,1 prosentpoeng (eller 2 000 personar) er innanfor feilmarginen. Arbeidsløysa hadde ein topp sommaren 2005, då 4,9 prosent av arbeidsstyrken var utan arbeid, og har sidan gått jamt nedover. Ho er no på same nivå som ved førre botn, som var i byrjinga av 1999.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2007. Absolutte tal i 1 000

Talet på registrerte arbeidslause ved NAV gjekk ned med 3 000 personar frå desember 2006 til mars 2007, justert for sesongvariasjonar.

Utførte vekeverk

Talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) minka med 11 000 frå desember (målt som gjennomsnitt for tremånadersperioden november- januar) til mars (gjennomsnitt for tremånadersperioden februar- april), justert for sesongvariasjonar. Nedgangen ligg innanfor feilmarginen.

Lågare arbeidsløyse i Tyskland og Frankrike

I mars var arbeidsløysa i Tyskland 7 prosent, ein nedgang med 0,8 prosentpoeng sidan desember. I Frankrike minka arbeidsløysa frå 9 prosent til 8,7 prosent i den same perioden. I EU-15 landa sett under eitt, gjekk arbeidsløysa ned frå 7,1 til 6,9 prosent. I Sverige og Danmark var arbeidsløysa stabil i perioden frå desember til mars. Også i USA heldt arbeidsløysa seg stabil i denne perioden. (Alle tala er sesongjusterte og henta frå Eurostat .)

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, 2002-2007. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsetjing og arbeidsløyse berre blant busette

AKU dekkjer berre dei som er registrerte som busett i Folkeregisteret. Personar som til dømes arbeider i Noreg utan å vera busett her eller som reknar med å vera busett mindre enn seks månader, er difor ikkje med i talet på sysselsette i AKU. SSB gjev ut ein eigen statistikk for desse gruppene ein gong i året. Sjå Sysselsette og arbeidslause på korttidsopphald .

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvartalsvise AKU-tal utan sesongjustering blir omtala i ein eigen publisering .

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB