2120_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2120
Fleire sysselsette og lågare arbeidsløyse
statistikk
2006-05-12T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette og lågare arbeidsløyse

Arbeidsløysa minka med 15 000 og sysselsetjinga auka med 24 000 personar frå november 2005 til februar 2006, syner nye sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Sesongjusterte tal på arbeidslause i februar 2006 (tremånadersperioden januar-mars) var 15 000 lågare enn AKU målte i november 2005 (oktober-desember). Dette er i samsvar med utviklinga sidan sommaren 2005. Tala for dei registrerte arbeidslause ved Aetat synte ein nedgang på 8 000 personar frå november 2005 til februar 2006.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2006. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2006. 1 000

Frå november 2005 til februar 2006 auka talet på sysselsette med 24 000 personar. Det har vore ein sterk vekst i dei sesongjusterte tala for sysselsette sidan sommaren 2005.

Lågare arbeidsløyse i Tyskland

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 3,9 prosent i februar 2006, mot 4,5 prosent i november 2005. I same periode var talet for EU15-landa uendra på 7,7 prosent, medan OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,5 til 6,3 prosent. I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 5,0 til 4,8 prosent. Frå november til februar gjekk arbeidsløysa i Danmark opp frå 4,1 til 4,4 prosent, medan Finland hadde ein nedgang frå 8,3 til 8,1 prosent. I Frankrike minka talet frå 9,3 til 9,1 prosent, og i Tyskland frå 9,3 til 8,9 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Frå november 2005 til februar 2006 var det ein nedgang på 16 000 i talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer), men dette er innanfor feilmarginen i AKU. Det siste vekeverkstalet endrar difor ikkje inntrykket av at trenden har vore aukande sidan byrjinga av 2004.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, februar 2006. I prosent av arbeidsstyrken

Endringar i AKU frå 2006

Med verknad frå januar 2006 er det gjort nokre forbetringar i AKU . Tala for sysselsetjing og arbeidsløyse vil bli meir samanliknbare med tal frå land i EU, medan tala for utførte vekeverk vert målt meir presist. Endringane i AKU vil gje eit nivåskifte. For å kunne gje gode endringstal, har tala for månadene i 2006 vorte berekna etter gamalt opplegg. Det er desse tala som er nytta i teksten ovanfor.

For sysselsette og arbeidslause er alle endringane slik at ein lett kan rekna om til gammalt opplegg. Desse tala er difor nytta i sesongkorrigeringane. For vekeverka har me estimert tal basert på berre halve AKU-utvalet, dvs. den halvdelen som har fått den gamle utgåva av spørjeskjemaet. Feilmarginen vil difor verta større for desse tala.

Kvartalsvise AKU-tal, dvs. utan sesongjustering, blir omtala i ein eigen publisering . Tabellane i denne publiseringa inneheld tal for 1. kvartal 2006, både etter gammalt og nytt opplegg. Såleis kan ein på eiga hand sjå kva slag innverknad omlegginga av AKU har på dei ulike tala.

Endring i sesongjusteringsmetoden

I samband med omlegginga i AKU er også sesongjusteringsmetoden blitt justert. Endringane i metoden består i hovudsak av at ein no sesongjusterer tidsseriar frå og med januar 1997 (tidlegare byrja tidsserien i januar 1989), og at tidsserien for arbeidslause personar under 25 år no blir sesongjustert for menn og kvinner samla for å minske utvalsuvissa. Tala for sysselsette og vekeverk vert framleis sesongjusterte separat for menn og kvinner under 25 år. Meir om metoden finst i lenkane i venstre marg.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2006. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2006. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Tabeller: