2122_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2122
Klar betring på arbeidsmarknaden
statistikk
2006-04-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljanuar 2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Klar betring på arbeidsmarknaden

Arbeidsløysa minka og sysselsetjinga auka frå oktober 2005 til januar 2006, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Med verknad frå januar 2006 er det gjort nokre forbetringar i AKU som påverkar tala for arbeidslause, sysselsette og utførte vekeverk. Det vert difor eit brot i tidsserien mellom 2005 og 2006.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2006. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2006. 1 000

Sesongjusterte tal frå AKU synte ein vekst på 42 000 sysselsette personar frå oktober (tremånadersperioden september-november) 2005 til januar (desember-februar) 2006. Vi reknar med at veksten kan ha vorte inntil 9 000 for stor som følgje av omlegginga i AKU. Ein auke på 33 000 sysselsette er i samsvar med utviklinga sidan sommaren 2003, når ein tek omsyn til uvissa i AKU-tala.

Sesongjusterte tal på arbeidslause i januar 2006 var 15 000 lågare enn AKU målte i oktober 2005. Eit førebels overslag tyder på at nedgangen kan ha vorte rundt 2 000 for stor som følgje av omlegginga. Ein nedgang i arbeidsløysa på 13 000 er i samsvar med utviklinga dei siste månadene, når ein tek omsyn til uvissa i AKU-tala. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat synte ein nedgang på 7 000 personar frå oktober 2005 til januar 2006.

Arbeidsløysa ned i USA

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 3,9 prosent i januar 2006, mot 4,6 prosent i oktober 2005. I same periode var talet for EU15-landa uendra på 7,7 prosent, mens OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,5 til 6,3 prosent. I USA gikk arbeidsløysa ned frå 4,9 til 4,7 prosent. Frå oktober til januar minka arbeidsløysa frå 8,3 til 8,2 prosent i Finland, og frå 9,3 til 9,2 prosent i Frankrike, mens talet for Tyskland var uendra på 9,1 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, januar 2006. I prosent av arbeidsstyrken.

Auke i vekeverkstala

Frå oktober 2005 til januar 2006 var det ein auke på 26 000 i talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar), noko som er utanfor feilmarginen i AKU. Oppgangen er i samsvar med trenden sidan våren 2004. Også vekeverkstala vil bli påverka av omlegginga i AKU frå og med januar 2006 . Tala på vekeverk for perioden desember-februar har vorte lågare med nytt AKU-spørjeskjema, som i større grad fangar opp fråver frå arbeid. Eit nærare estimat av verknaden kan bli gitt når ein har observasjonar frå fleire månader.

Endring i sesongjusteringsmetoden

I samband med omlegginga i AKU er også sesongjusteringsmetoden blitt justert. Endringane i metoden består i hovudsak av at ein no sesongjusterer tidsseriar frå og med januar 1997 (tidlegare byrja tidsserien i januar 1989), og at tidsserien for arbeidslause personar under 25 år no blir sesongjustert for menn og kvinner samla for å minke utvalsuvissa. Tala for sysselsette og vekeverk vert framleis sesongjusterte separat for menn og kvinner under 25 år. Meir om metoden finst i linkane i venstre marg.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gi tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for januar gjennomsnittet av overslaga for desember, januar og februar. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2006. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2006. Absolutte tal i 1 000

Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd.

Tabeller: