2124_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2124
Framleis vekst i sysselsetjinga
statistikk
2006-03-06T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis vekst i sysselsetjinga

Arbeidsløysa gjekk ned frå september til desember 2005, mens talet på sysselsette auka med 27 000. Det syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Talet på arbeidslause i desember 2005 (tremånadersperioden november-januar) var 9 000 lågare enn i september (august-oktober). Endringa er utanfor feilmarginen i AKU og i tråd med den minkande trenden vi har hatt dei siste månadene. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat synte i same periode (frå september til desember) ein nedgang på 5 000 personar.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2006. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1997-2005. 1 000

Talet på sysselsette synte ein vekst på 27 000 personar frå september til desember, ifølgje AKU. Dette er òg utanfor feilmarginen og i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003.

Med verknad frå januar 2006 er det gjort nokre forbetringar i AKU som vil påverke dei sesongjusterte tala for arbeidslause, sysselsette og utførte vekeverk. Vi reknar med at talet på sysselsette for perioden november-januar kan ha vorte inntil 2 000 høgare som følgje av omlegginga. For arbeidsløysa er det gjort endringar som det er vanskelegare å måle verknaden av. Nokre endringar trekkjer talet opp mens andre trekkjer talet ned. Om ein ser på utviklinga i AKU-tala over tid, tyder desse på at den samla verknaden av brotet er liten i januar. Det same tyder ei jamføring med utviklinga i talet på registrerte arbeidslause ved Aetat. Meir om endringane i AKU kan lesast i eige notat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Desember 2005. I prosent av arbeidsstyrken.

Auka arbeidsløyse i Tyskland

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,2 prosent i desember 2005, mot 4,6 prosent i september. I same periode steig arbeidsløysa i Tyskland frå 8,6 til 9,5 prosent. Talet i EU15-landa var uendra på 7,7 prosent, mens OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,5 til 6,4 prosent. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned, frå 5,1 til 4,9 prosent. Frå september til desember auka arbeidsløysa i Finland frå 8,3 til 8,4 prosent, mens talet minka frå 4,5 til 4,4 prosent i Danmark og frå 9,4 til 9,2 prosent i Frankrike, syner tal frå OECD og EUROSTAT .

Auke i vekeverkstala

Frå september til desember var det ein auke på 71 000 i talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar), noko som er klart utanfor feilmarginen i AKU. Oppgangen frå september (august-oktober) må sjåast i samband med at feriefråveret sommaren 2005 var uvanleg høgt samanlikna med tidlegare år, noko som gjer at ein har mindre ferie att til dei siste månadene i året. Ei slik endring i sesongmønsteret for berre eitt år fangar ikkje metoden for sesongjustering opp på riktig måte. Også omlegginga i AKU frå og med januar 2006 vil påverke vekeverkstala. Vi fangar no betre opp fråver frå arbeidet, og berekningar tyder på at tala på vekeverk for perioden november-januar har vorte lågare med nytt AKU-spørjeskjema. Vi kjem tilbake med eit nærmare estimat om verknaden når vi har informasjon frå fleire månader.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Endring i sesongjusteringsmetoden

I samband med omlegginga i AKU, har vi òg justert på sesongjusteringsmetoden. Endringane i metoden består i hovudsak av at vi no sesongjusterer tidsseriar frå og med januar 1997, og at tidsserien for arbeidslause personar under 25 år no blir sesongjustert for menn og kvinner samla for å minke utvalsuvissa. Tala for sysselsette og vekeverk vert framleis sesongjusterte separat for menn og kvinner under 25 år. Meir om metoden finst i linkane i venstre marg.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Formålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gi tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for desember gjennomsnittet av overslaga for november, desember og januar. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ei oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd.

Tabeller: