2126_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2126
Aukande sysselsetjing
statistikk
2006-02-01T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Aukande sysselsetjing

I 2005 har sysselsetjinga auka med 20 000 personar. Også dei siste tala er i tråd med ein aukande trend, syner nye sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Talet på sysselsette personar synte ein vekst på 11 000 personar frå august (tremånadersperioden juli-september) til november (oktober-desember), ifølgje AKU. Dette er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003. I 2005 har sysselsetjinga auka med 20 000 personar, noko som er utanfor feilmarginen.

Talet på arbeidslause i november var 5 000 lågare enn i august. Endringa er om lag på storleik med feilmarginen i AKU. Det vil seie at det er noko usikkert om det eigentleg har vore ein nedgang. Utviklinga i desse tala er likevel i tråd med ein minkande trend. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat synte i same periode ein nedgang på 4 000 personar.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Oktober 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Lågare arbeidsløyse i EU

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i november, mot 4,8 prosent i august. For dei aller fleste landa er det berre tal frå OECD og Eurostat for oktober som er klare. Dei syner at EU15-landa hadde ein nedgang frå 7,8 til 7,6 prosent, og OECD-landa frå 6,5 til 6,4 prosent, når ein samanliknar med juli. I same perioden var arbeidsløysa i USA uendra på 5,0 prosent. Frå juli til oktober gjekk arbeidsløysa ned frå 8,2 til 8,1 prosent i Finland, frå 9,3 til 9,1 prosent i Tyskland, og frå 9,5 til 9,3 prosent i Frankrike.

Auke i vekeverkstala

I 2005 har talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) auka med 38 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen i AKU. Frå august til november var auken på 79 000. Oppgangen frå august må sjåast i samband med at feriefråveret i sommarmånadene i 2005 var uvanleg høgt (samanlikna med tidlegare år), noko som førte til at vekeverkstala vart svært låge. Dette kjem dels av ei endring i ferieavviklingsmønsteret, og dels at første referanseveka i juli var seinare på sommaren enn det som har vore normalt i tidlegare år.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for november gjennomsnittet av overslaga for oktober, november og desember. Utvalsuvissa fører likevel til at ein må ta omsyn til feilmarginar når ein ser på endringstala i AKU. Ein oversikt over storleiken på feilmarginane i AKU finst i "Om statistikken", pkt. 5.3 .

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd.

Endringar i AKU frå 2006

Med verknad frå januar 2006 er det gjort ein del endringar i AKU som vil påverke framtidige publiseringar. Sjå eigen artikkel om dette.

Tabeller: