2132_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2132
Fleire sysselsette
statistikk
2005-11-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, august 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette

Talet på sysselsette personar synte ein vekst i perioden april-juni til juli-september, ifølgje nye sesongjusterte tal frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Sjølv om auken er innanfor feilmarginen i AKU, er dei siste tala likevel i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003.

Arbeidsløysa i august (tremånadersperioden juli-september) var om lag like høg som i mai (april-juni). Etter ein vekst frå 2004 og inn i starten på 2005, har arbeidsløysa ikkje endra seg mykje, ifølgje AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat har i same periode (frå mai til august) synt ein nedgang på 3 000 personar.

Lågare arbeidsløyse internasjonalt

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,8 prosent i august, mot 4,7 prosent i mai. I EU-landa var talet uendra på 7,9 prosent, medan OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,6 til 6,5 prosent. I USA gjekk arbeidsløysa ned frå 5,1 til 4,9 prosent, i Danmark frå 5,0 til 4,8 prosent, og i Finland frå 8,3 til 8,2 prosent. Frå mai til august var det ein nedgang også i Frankrike, frå 9,8 til 9,6 prosent, medan Tyskland hadde ein auke frå 9,5 til 9,6 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. August 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Nedgang i vekeverkstala

Frå mai til august i år minka talet på utførte vekeverk (à 37,5 timar) med 65 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen i AKU. Tal frå AKU syner at nedgangen heng saman med at talet på personar med ferie i heile referanseveka har auka sterkt i sommarmånadene juni, juli og august i år, samanlikna med 2004 (og 2003). Auken er særleg sterk for juli og august. Ein skulle vente at feriefråværet i sommarmånadene samla sett var om lag likt i 2004 og 2005. Tala kan difor tyde på at ein ser eit endra mønster i ferieavviklinga, noko som gjer at sesongjusteringsmetoden for tida fungerer dårleg som bilete på den trenden som gjeld utførte vekeverk.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september.

Tabeller: