2134_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2134
Fleire sysselsette
statistikk
2005-09-23T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette

Talet på sysselsette personar synte ein vekst i perioden mars-mai til juni-august, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Sjølv om auken er innanfor feilmarginen i AKU, er dei siste tala likevel i tråd med den aukande trenden vi har hatt sidan sommaren 2003.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidsløysa i juli (tremånadsperioden juni-august) synte ein vekst frå april (mars-mai). Auken er innanfor feilmarginen i AKU. Etter ein vekst frå 2004 og inn i starten på 2005, har arbeidsløysa ikkje endra seg mykje, ifølgje AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved Aetat har i same periode (frå april til juli) synt ein nedgang på 2 000 personar.

Frå 2004 til 2005 har arbeidsløysa målt ved registreringar hos Aetat og i AKU synt ei ulik utvikling. SSB har no dei første resultata av ei nærare gransking av dette. Data frå dei to datakjeldene for 1. halvår 2004 og 2005 er blitt kopla saman. AKU synte ein vekst i arbeidsløysa på 5 000, medan Aetat synte ein nedgang på 6 000 mellom desse to halvåra. Analysen syner at veksten i arbeidsløysa i AKU i hovudsak kom blant dei som var registrert som yrkeshemma hos Aetat. Desse vert per definisjon ikkje telt med som arbeidslause hos Aetat. Mesteparten av dei yrkeshemma, rundt 90 prosent, svarer slik at dei heller ikkje vert definert som arbeidslause i AKU, men talet på dei som vart definert som arbeidslause auka altså frå 2004 til 2005. Når det gjeld nedgangen som Aetats tal syner frå 2004 til 2005, er resultata meir usikre. Tala tyder på at utvalsuvissa i AKU er noko av årsaka til at nedgangen ikkje slår like sterkt gjennom i AKU. Men vi finn også at ein del av nedgangen i registrerte arbeidslause i Aetat kjem i ei gruppe som ikkje vert definert som arbeidslause i AKU. Dette gjeld dei som i AKU svarer slik at dei vert definert som sysselsette. Dette vil typisk kunne vere personar som har ein tilfeldig jobb i referanseveka i AKU, utan at dei melder dette ved si registrering hos Aetat. Det er særleg blant dei registrerte arbeidslause som ikkje mottar dagpengar, at ein finn personar som er klassifiserte som sysselsette i AKU. Meir om analysen finst i eige notat

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, juli 2005. I prosent av arbeidsstyrken

Lågare arbeidsløyse internasjonalt

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,8 prosent i juli, mot 4,7 prosent i april. I EU-landa gjekk talet ned frå 8,0 til 7,9 prosent, medan OECD-landa hadde ein nedgang frå 6,6 til 6,5 prosent. Også i USA var det reduksjon i arbeidsløysa, frå 5,2 til 5,0 prosent. Frå april til juli var det dessutan ein nedgang i Finland frå 8,4 til 8,3 prosent, og i Tyskland frå 9,9 til 9,3 prosent. I Frankrike var arbeidsløysa uendra på 9,7 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Nedgang i vekeverkstala

Frå april til juli i år minka talet på utførte vekeverk (à 37,5 timer) med 68 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen i AKU. Tal frå AKU syner at nedgangen heng saman med at talet på personar med ferie i heile referanseveka har auka sterkt i sommarmånadane juni, juli og august i år, samanlikna med i 2004 (og 2003). Auken er særleg sterk for juli og august. Ein skulle vente at feriefråværet i sommarmånadane samla sett var om lag likt i 2004 og 2005. Tala kan difor tyde på at ein ser eit endra mønster i ferieavviklinga, noko som gjer at sesongjusteringsmetoden for tida fungerer dårleg som bilete på den trenden som gjeld utførte vekeverk.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for juli gjennomsnittet av overslaga for juni, juli og august.

Tabeller: