2142_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2142
Fleire arbeidslause
statistikk
2005-05-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, mars 2005

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire arbeidslause

Talet på arbeidslause i mars viste oppgang frå desember i fjor. Samstundes vart det ikkje fleire sysselsette, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Talet på arbeidslause i mars (tremånadersperioden februar-april) gjekk opp med 6 000 frå desember i fjor (november-januar), noko som er like utanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar viste ein svak nedgang i same perioden (frå desember til mars).

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Etter ein periode med negativ utvikling frå våren 2002, har sysselsetjinga sidan sommaren 2003 auka meir eller mindre kontinuerleg. I mars i år minka talet på sysselsette med 8 000 frå desember i fjor, men dette er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser no ut til å halda seg på eit stabilt nivå.

Lågare arbeidsløyse i USA

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,6 prosent i mars, mot 4,4 prosent i desember i fjor. Tala for EU- og OECD-landa var om lag uendra på respektive 8,1 og 6,7 prosent. I same perioden minka arbeidsløysa i USA frå 5,4 til 5,2 prosent, i Sverige frå 6,4 til 6,3 prosent og i Finland frå 8,8 til 8,3 prosent. Frå desember i fjor til mars i år gjekk arbeidsløysa i Frankrike opp frå 9,7 til 9,8 prosent og i Tyskland frå 9,5 til 9,8 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land i prosent av arbeidsstyrken. Mars 2005

Nedgang i vekeverkstalet

Utførde vekeverk (à 37,5 timer) viste ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå desember i fjor til mars i år minka talet på utførde vekeverk med 14 000, men dette er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Dessutan må reduksjonen sjåast i samanheng med det låge talet på ekstra fridagar i samband med julehøgtida i 2004, noko som gjorde at vekeverkstalet for desember var unormalt høgt.

Dekkjer AKU all sysselsetjing?

AKU måler berre sysselsetjing blant dei som er registrerte som busette i folkeregisteret. Dette er personar som ein trur vil bu i landet i minst seks månader. Utlendingar som arbeider i Noreg i kortare tidsperiodar, kjem difor ikkje med i AKU-tala. På den andre sida vil ein ta med dei som er registrerte som busette i Noreg, men arbeider i utlandet. AKU følgjer her den avgrensinga som internasjonale organ rår til at ein nytter i personstatistikken. Statistisk sentralbyrå arbeider med å få fram nokre tal også for sysselsetjing blant dei med korte opphald i Noreg. Ein første rapport er planlagd publisert i siste halvdelen av juni i år.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2005. Absolutte tal i 1 000

I nasjonalrekneskapen og økonomisk statistikk er dei internasjonale føresegnene noko annleis. Her rår ein til å måle sysselsetjing i alle bedriftene som "høyrer heime i landet", utan omsyn til om dei sysselsette er registert busette eller ikkje. Men då ein krev at ei bedrift skal ha verksemd i landet i om lag eitt år for å verta definert som at den høyrer heime i landet, vil det også her vere nokre som arbeider i landet som ikkje blir talt med som sysselsette. I nasjonalrekneskapen skal produksjon i bedrifter med kort produksjonstid i landet klassifiserast som import. I den norske nasjonalrekneskapen arbeider ein med å betre berekningane på dette området.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mars gjennomsnittet av overslaga for februar, mars og april.

Tabeller: