2148_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2148
Sysselsetjinga framleis aukande
statistikk
2005-02-25T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taldesember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sysselsetjinga framleis aukande

Talet på sysselsette er framleis aukande, og nesten like høgt som rekorden frå våren 2002. Arbeidsløysa held seg stabil, men har minka noko frå året før, syner nye sesongjusterte tal for desember frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2005. 1 000

Etter ein periode med nedgang i sysselsetjinga frå våren 2002, snudde utviklinga sommaren 2003. I desember 2004 (tremånadersperioden november-januar) var det ein auke på 6 000 i talet på sysselsette frå september (august-oktober) same året, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vera inne i ein aukande trend, og er nesten på høgde med rekordnivået frå våren 2002.

Talet på arbeidslause i desember 2004 gjekk ned med 2 000 frå september, noko som er klårt innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar gjekk ned like mykje frå september til desember.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Desember 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Mindre arbeidsløyse i Norden

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i desember 2004, mot 4,5 prosent i september. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,0 og 6,7 prosent. Også i USA var talet uendra, på 5,4 prosent. Frå september til desember minka arbeidsløysa i Sverige frå 6,6 til 6,4 prosent, i Danmark frå 5,3 til 5,1 prosent, og i Finland frå 8,8 til 8,6 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,7 og 10,0 prosent, syner tal frå OECD og Eurostat .

Auke i vekeverkstalet

Utførde vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har tala halde seg på eit ganske stabilt nivå. Frå september til desember 2004 auka talet på utførde vekeverk med 41 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen for endringstala i AKU. Men heile eller delar av oppgangen kjem av at det var få ekstra fridagar i samband med julehøgtida i 2004.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for desember gjennomsnittet av overslaga for november, desember og januar.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000




Tabeller: