2150_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2150
Små endringar på arbeidsmarknaden
statistikk
2005-02-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talnovember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Små endringar på arbeidsmarknaden

Talet på sysselsette i november 2004 stadfestar ein aukande trend. Arbeidsløysa held seg på eit stabilt nivå, syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Etter ein periode med nedgang i sysselsetjinga frå våren 2002, snudde utviklinga sommaren 2003. Fram til november (tremånadersperioden oktober-desember) 2004 har sysselsetjinga stege med i alt 23 000 personar. Samanlikna med august (juli-september) 2004 var auken på 5 000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vere inne i ein aukande trend.

Talet på arbeidslause i november var uendra samanlikna med månaden før. Arbeidsløysa har dessutan ikkje minka særleg frå november året før, og ser framleis ut til å halde seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har minka noko det siste året (november 2003-november 2004).

Små endringar internasjonalt

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Oktober-november 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i november 2004, mot 4,5 prosent i august. I same tidsrom var arbeidsløysa i USA uendra på 5,4 prosent. For andre land er det berre tilgjengelege tal frå OECD og Eurostat for oktober 2004. Samanlikna med juli var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,0 og 6,8 prosent. Også i Sverige var talet uendra på 6,3 prosent, medan Finland hadde ein nedgang frå 8,9 til 8,7 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,5 og 9,9 prosent.

Auke i vekeverkstalet

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har tala halde seg på eit ganske stabilt nivå. Frå august til november 2004 auka talet på utførte vekeverk med 20 000, noko som er utanfor feilmarginen for endringstala i AKU. Men heile eller delar av oppgangen kjem av at det var få ekstra fridagar i samband med julehøgtida i 2004, noko som påverkar talet for november (tremånadersperioden oktober-desember).

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for november gjennomsnittet av overslaga for oktober, november og desember.

Tabeller: