2154_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2154
Stadig fleire sysselsette
statistikk
2004-11-26T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talseptember 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire sysselsette

Talet på sysselsette i september har auka med 9 000 frå juni, og ser framleis ut til å vere på veg oppover. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. Fram til september (tremånadersperioden august-oktober) i år har sysselsetjinga stige med i alt 21 000 personar. Samanlikna med juni (mai-juli) i år var auken på 9 000, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser framleis ut til å vere inne i ein aukande trend, og byrjar å nærme seg rekordnivået frå våren 2002.

Talet på arbeidslause i september minka med 2 000 frå juni, noko som likevel er innanfor feilmarginen i AKU. Arbeidsløysa har ikkje minka særleg samanlikna med september i fjor, og ser framleis ut til å halde seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har òg vore meir eller mindre uendra siste året.

Arbeidsløysa opp i Sverige

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land, september 2004. I prosent av arbeidsstyrken.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,4 prosent i september 2004, mot 4,5 prosent i juni. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa om lag uendra på respektive 8,0 og 6,8 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,4 prosent i september, mot 5,6 prosent i juni. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,5 til 6,8 prosent, medan ho gjekk ned frå 8,9 til 8,4 prosent i Finland. I Danmark låg talet på 5,3 prosent, om lag det same som i juni. I same periode var tala for Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,6 og 9,9 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Uendra vekeverkstal

Utførde vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå juni til september i år minka talet på utførde vekeverk med 12 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen for endringstala i AKU.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august, september og oktober.

Tabeller: