2156_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2156
Aukande sysselsetjing
statistikk
2004-10-27T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talaugust 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Aukande sysselsetjing

Talet på sysselsette i august har auka med 5 000 frå mai, og stadfestar trenden vi har hatt sidan i fjor sommar. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I august (tremånadersperioden juli-september) i år var det ein auke på 5 000 frå mai (april-juni), noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser likevel ut til å vere inne i ein aukande trend. Sidan juli i fjor har talet på sysselsette auka med 17 000.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Det siste talet på arbeidslause for august var uendra frå mai. Arbeidsløysa har ikkje minka særleg samanlikna med august i fjor, og ser ut til å halde seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har vore meir eller mindre uendra siste året, og om lag på same nivå som AKU sitt tal på arbeidslause. Likevel var det ein viss nedgang frå mai til august.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Lågare arbeidsløyse i USA og Sverige

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i august 2004, mot 4,6 prosent i mai. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa uendra på respektive 8,1 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,4 prosent i august, mot 5,6 prosent i mai. Arbeidsløysa i Sverige minka frå 6,6 til 6,2 prosent, medan den var uendra i Finland på 9,0 prosent. I same periode var tala for Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,6 og 9,9 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Uendra vekeverkstal

Utførte vekeverk (à 37,5 timar) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå mai til august i år minka talet på utførte vekeverk med 13 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen for endringstala i AKU.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. August 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for august gjennomsnittet av overslaga for juli, august og september.

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjue i alle vekene, i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruere månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver på grunn av feriar eller rørlege heilagdagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerer me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vere samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minke uvissa reknast det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: