2158_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2158
Uendra arbeidsløyse
statistikk
2004-09-29T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte taljuli 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Uendra arbeidsløyse

Arbeidsløysa i juli var uendra frå månaden før, og om lag like høg som for eit år sidan. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal. 1989-2004. 1 000

Det siste talet på arbeidslause for juli (tremånadersperioden juni-august) var uendra frå månaden før (mai-juli). Arbeidsløysa har ikkje minka særleg samanlikna med juli i fjor, og ser ut til å halde seg på eit stabilt nivå. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora pluss ordinære tiltaksdeltakarar har vore meir eller mindre uendra siste året, og om lag på same nivå som AKU sitt tal på arbeidslause.

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I juli i år var det ein auke på 2 000 frå månaden før, noko som er innanfor feilmarginen til endringstala i AKU. Sysselsetjinga ser likevel ut til å vere inne i ein aukande trend.

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Juli 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Stabilt også i andre land

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i juli 2004, mot 4,4 prosent i april. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa uendra på respektive 8,1 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,5 prosent i juli, mot 5,6 prosent i april. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,3 til 6,4 prosent, medan ho var uendra i Danmark og Finland på respektive 5,9 og 9,0 prosent. I same periode var tala for Frankrike og Tyskland om lag uendra på respektive 9,5 og 9,9 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Uendra vekeverkstal

Utførte vekeverk (à 37,5 timar) har vist ein minkande tendens i perioden mellom juni 1998 og mai 2003. Sidan har me sett teikn til ein aukande trend for desse tala. Frå april til juli i år minka talet på utførte vekeverk med 18 000, noko som likevel er innanfor feilmarginen for endringstala i AKU.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisere eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for juli gjennomsnittet av overslaga for juni, juli og august.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko fleire svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjue i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruere månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver på grunn av feriar eller rørlege heilagdagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerer me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vere samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarer med ukorrigerte tal frå AKU. For å minske uvissa reknast det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: