2162_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2162
Stabilt på arbeidsmarknaden
statistikk
2004-08-04T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmai 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stabilt på arbeidsmarknaden

Talet på arbeidslause gjekk noko opp frå februar til mai. Den minkande trenden ser dermed ut til å ha flata ut. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU) til Statistisk sentralbyrå.

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause + arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførde vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånaders glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Det siste talet på arbeidslause for mai (tremånadersperioden april-juni) syner ein auke på 5 000 frå februar (januar-mars), noko som er om lag på storleik med feilmarginen i AKU. Den avtakande trenden vi har hatt for arbeidsløysa sidan juni (mai-juli) i fjor, ser dermed ut til å ha flata ut. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora var om lag uendra frå februar til mai.

I juni 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I mai i år var talet uendra frå månaden før. Sysselsetjinga ser likevel ut til å vera inne i ein aukande trend.

Stadig høgare arbeidsløyse i Sverige

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,5 prosent i mai 2004, mot 4,3 prosent i februar. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa uendra på respektive 8,1 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,6 prosent i mai, det same som i februar. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,4 til 6,7 prosent, og i Finland frå 9,0 til 9,1 prosent. I same periode var det ein auke frå 9,6 til 9,8 prosent i Tyskland, medan talet for Frankrike var uendra på 9,4 prosent. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Mai 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Vekst i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Men frå februar til mai i år auka talet på utførde vekeverk med 42 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Auken må likevel sjåast i samanheng med at ekstra mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår, noko som gjorde at talet for februar (tremånadersperioden januar-mars) var uvanleg lågt.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justere for sesongvariasjon, er å beskrive utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadersperioden som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mai gjennomsnittet av overslaga for april, mai og juni.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånaders glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Ny metode for sesongjustering av AKU

Statistisk sentralbyrå sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførde vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruere månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver på grunn av feriar eller rørlege heilagdagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerer me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vere samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknast det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: