2166_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2166
Fleire sysselsette
statistikk
2004-06-02T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talmars 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire sysselsette

Sidan juni i fjor har trenden i sysselsetjinga vore ein svak oppgang, og talet for mars i år forsterkar dette inntrykket. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

I juni 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I mars i år auka talet på sysselsette med 5 000 frå månaden før, noko som er innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.

Det siste talet på arbeidslause for mars (tremånadsperioden februar-april) syner ein reduksjon på 1 000 frå månaden før (januar-mars), noko som er klårt innanfor feilmarginen i AKU. Endringa er likevel i samsvar med den avtakande trenden vi har hatt for arbeidsløysa sidan juni (mai-juli) i fjor. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste same utvikling frå februar til mars.

Auka arbeidsløyse i Sverige

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,3 prosent i mars 2004, mot 4,6 prosent i desember i fjor. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU- og OECD-landa uendra på respektive 8,0 og 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,7 prosent i mars, også uendra frå desember. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,0 til 6,4 prosent, medan den i Finland var uendra på 8,9 prosent. I Danmark var det ein nedgang frå 6,0 til 5,9 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland og Frankrike om lag uendra. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Mars 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Vekst i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Men frå desember i fjor til mars i år auka talet på utførte vekeverk med 31 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Auken må likevel sjåast i samanheng med at ekstra mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår, noko som gjorde at talet for desember (tremånadsperioden november-januar) var uvanleg lågt.

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusere utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for mars gjennomsnittet av overslaga for februar, mars og april.

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterar no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke per. månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråver pga. feriar eller rørlege heilagdagar enten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerar me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknas det tre månaders glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august - oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: