2168_not-searchable
/arbeid-og-lonn/statistikker/akumnd/arkiv
2168
Lågare arbeidsløyse
statistikk
2004-04-28T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn;Arbeid og lønn
no
akumnd, Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte tal, AKU, arbeidsmarknad, sysselsette, arbeidslause, yrkesaktive, utførde vekeverk, arbeidsstyrken, arbeidsledig, arbeidsledige, arbeidsmarkedSysselsetting, Arbeidsledighet, Arbeid og lønn
false

Arbeidskraftundersøkinga, sesongjusterte talfebruar 2004

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare arbeidsløyse

Sidan juni i fjor har arbeidsløysa gradvis minka, og talet for februar i år svekkjer ikkje inntrykket av denne utviklinga. Dette syner nye sesongjusterte tal frå arbeidskraftundersøkinga (AKU).

Arbeidslause (AKU), registrerte arbeidslause og registrerte arbeidslause pluss arbeidsmarknadstiltak. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Det siste talet for februar (tremånadsperioden januar-mars) syner ein reduksjon på 3 000 frå månaden før (desember-februar), noko som er innanfor feilmarginen i AKU. Endringa er likevel i samsvar med den avtakande trenden vi har hatt for arbeidsløysa sidan juni (mai-juli) i fjor. Sesongjusterte tal for registrerte arbeidslause ved arbeidskontora viste inga endring frå januar til februar.

Sommaren 2003 byrja talet på sysselsette å auka etter ein lengre periode med nedgang. I dei siste månadene har likevel oppgangen flata ut. I februar i år auka talet på sysselsette med 2 000 frå månaden før, noko som er innanfor feilmarginen til desse endringstala i AKU.

Auka arbeidsløyse i Sverige

Den sesongjusterte arbeidsløysa i Noreg var 4,3 prosent i februar 2004, mot 4,6 prosent i november i fjor. I same tidsrom var arbeidsløysa i EU-landa uendra på 8,0 prosent, medan for OECD-landa samla gjekk arbeidsløysa ned frå 7,0 til 6,9 prosent. I USA var arbeidsløysa 5,6 prosent i februar, ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå november. Arbeidsløysa i Sverige auka frå 6,0 til 6,4 prosent, medan ho i Finland var uendra på 8,9 prosent. I same periode var arbeidsløysa i Tyskland og Frankrike om lag uendra. Dette syner tal frå OECD og Eurostat .

Arbeidsstyrken, sysselsette og utførte vekeverk. Sesongjusterte tal, tremånads glidande gjennomsnitt. 1989-2004. 1 000

Sesongjustert arbeidsløyse i utvalde land. Februar 2004. I prosent av arbeidsstyrken

Nedgang i vekeverkstala

Utførte vekeverk (à 37,5 timer) har vist ein fallande tendens sidan sommaren 1998. Frå november til februar minka talet på utførte vekeverk med 32 000, noko som er klårt utanfor feilmarginen. Ein del av nedgangen kjem av at ekstra mange sysselsette tok fri i arbeidsdagane rundt nyttår, noko som påverkar talet for februar (tremånadsperioden januar-mars).

Uvisse ved dei sesongjusterte tala

Føremålet med å justera for sesongvariasjon, er å beskriva utviklinga gjennom året og gje tal på endringar for den siste tremånadsperioden, som er reinsa for normale sesongsvingingar. Kvalitetstestar syner at dei sesongjusterte tala for AKU-arbeidsløysa er usikre. Sesongjusteringsmetoden har vanskar med å identifisera eit stabilt sesongmønster i denne talserien. Dei tilfeldige utslaga er relativt store i forhold til sesongkomponenten. I tillegg er det relativt få arbeidslause i utvalet, slik at uvissa blir stor. Dette gjer at tala må tolkast med varsemd. For å redusera utvalsuvissa, er dei publiserte AKU-tala tremånads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for februar gjennomsnittet av overslaga for januar, februar og mars.

Sysselsette (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Arbeidslause (AKU). Sesongjusterte tal og trend. Tremånads glidande gjennomsnitt. 1999-2004. Absolutte tal i 1 000

Ny metode for sesongjustering av AKU

SSB sesongjusterer no hovudseriane i AKU baserte på det observerte sesongmønsteret etter omlegginga av AKU i 1996. Også trendseriar blir publiserte.

Den nye metoden gir ein talserie som er svært lik den gamle for storleikane sysselsette, arbeidslause og arbeidsstyrken. For utførte vekeverk fører det nye opplegget til noko meir svingingar, men tala syner same trend som før.

Etter hovudomlegginga av AKU i 1996 gjekk me over til å intervjua i alle vekene i motsetning til tidlegare då ei utvald ordinær veke pr. månad blei valt. Brotet i 1996 har me tidlegare handsama ved å konstruera månadsfiler der veker med ekstra høgt fråvere pga. feriar eller rørlege heilagdagar anten er haldne utanfor eller prekorrigerte, slik at månadsfilene er samanliknbare med referanseåret 1991. No prekorrigerer me hovudsakleg tala før 1996 for at dei skal vera samanliknbare med nyare tal.

Som før blir seriar med månadsestimat frå AKU sesongjusterte med X12ARIMA. Nivået på seriane blir deretter justerte slik at årsgjennomsnitta av dei sesongkorrigerte tala samsvarar med ukorrigerte tal frå AKU. For å minska uvissa reknar me det tre månads glidande gjennomsnitt av dei sesongjusterte tala. Til dømes er talet for september gjennomsnittet av overslaga for august-oktober.

For meir informasjon, sjå Om sesongjustering av AKU og Om statistikken.

Tabeller: