54478_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/kvartal
54478
Høgare verdi på omløpsmidlane i utlandet
statistikk
2011-12-07T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering3. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare verdi på omløpsmidlane i utlandet

Verdien på dei totale omløpsmidlane i utlandet har auka med om lag 60 milliardar kroner, eller meir enn 15 prosent, frå 2. til 3. kvartal 2011. Omløpsmidlar er eigedelar som er meint for bruk innan eit år.

Anleggs- og omløpsmidlar. 1. kv. 2008-3.kv 2011. Millionar kroner

Verdien på dei samla eigedelane i utlandet har også auka med om lag 61 milliardar kroner, eller noko meir enn 4 prosent, frå 2. til 3. kvartal i år. Eigedelar inneheld både omløpsmidlar og anleggsmidlar.

Verdien på omløpsmidlane viser ein auke på om lag 80 milliardar kroner, eller knapt 21 prosent, frå 3. kvartal 2010 til 3. kvartal 2011. Verdien på dei samla eigedelane i utlandet har også auka med om lag 181 milliardar kroner, eller noko meir enn 14 prosent, i same periode.

Tabeller: