54476_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/kvartal
54476
Lågare verdi på eigedelar i utlandet
statistikk
2011-09-05T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2. kvartal 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare verdi på eigedelar i utlandet

Verdien på dei samla eigedelane i utlandet har gått ned med 0,5 prosent frå 1. til 2. kvartal 2011.

Gjeld, etter type. 1. kvartal 2008-2. kvartal 2011. Millionar kroner

I alt gjekk dei samla eigedelane ned med omlag 7,5 milliardar kroner i 2. kvartal 2011 samanlikna med 1. kvartal 2011. Eigedelane kan delast inn i omløpsmidlar og anleggsmidlar.

Verdien på omløpsmidlar i utlandet, som er eigedelar som er meint for bruk innan eit år, har gått ned med om lag 31 milliardar kroner, eller 7 prosent, frå 1. kvartal 2011. Sett i høve til 2. kvartal 2010 er det derimot ein auke på 30 milliardar kroner.

Anleggsmidla, som er eigedelar som er meint for bruk lenger enn eit år, har gått opp med meir enn 22 milliardar kroner, eller 2 prosent, sett i høve til 1. kvartal 2011.

Tabeller: