19945_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/arkiv
19945
Mindre gjeld og eigedelar utanlands
statistikk
2010-11-17T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre gjeld og eigedelar utanlands

Dei ikkje-finansielle aksjeselskapa hadde ved utgangen av 2009 mindre gjeld og eigedelar i utlandet enn året før. Dei utanlandske eigedelane var 4 prosent lågare i 2009, mens det vart ein nedgang i gjelda overfor utlandet på 5 prosent sett i høve til året før.

Dei samla utanlandske eigedelane til dei ikkje-finansielle aksjeselskapa var ved utgangen av 2009 på 1 276 milliardar kroner. Dette var ein nedgang frå 2008 då dei samla eigedelane vart verdsette til 1 333 milliardar kroner. Det var dei kortsiktige eigedelane som fell mest i verdi, og spesielt investeringar og fordringar i utlandet.

951 milliardar i utanlandsgjeld

Dei ikkje-finansielle aksjeselskapa hadde ved utgangen av 2009 nesten 951 milliardar kroner i gjeld overfor utlandet, mot 1 004 milliardar året før. Sjølv om den kortsiktige gjelda gjekk ned med om lag 20 prosent, vart det ein auke i den langsiktige gjelda.

Tabeller: