5630_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/arkiv
5630
Aksjeselskapa skuldar meir til utlandet
statistikk
2009-06-03T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering1. kvartal 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Aksjeselskapa skuldar meir til utlandet

Ved utgangen av 1. kvartal hadde dei største norske ikkje-finansielle aksjeselskapa til saman 839 milliardar kroner i gjeld til utlandet. Dette er 35 milliardar kroner meir enn ved utgangen av 2008. Sett i høve til 1. kvartal 2008 auka gjelda med om lag 100 milliardar kroner eller 13 prosent.

Årsaka til at aksjeselskapa skuldar meir til utlandet er auke i den langsiktige gjelda. Denne gjelda voks med over 9 prosent frå utgangen av 2008, og med heile 19 prosent i høve til 1. kvartal 2008.

Mens den langsiktige gjelda auka, vart den kortsiktige gjelda om lag 2 prosent lågare i 1. kvartal i år samanlikna med kvartalet før.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på opplysningar frå dei 600 største ikkje-finansielle føretaka, målt ved fordringar og gjeld i utlandet, samt aksjar i utlandet og aksjar ått av utlendingar.

Dei innrapporterte opplysningane byggjer på rekneskapsmessige verdiar og størrelsar, etter prinsipp nedfelt i rekneskapslova. Verdiane er ikkje i alle høve eit godt uttrykk for den verkelege verdien eller marknadsverdien på eigedelane.

Tabeller: