5632_not-searchable
/virksomheter-foretak-og-regnskap/statistikker/regnut/arkiv
5632
Meir langsiktige investeringar i utlandet
statistikk
2009-03-03T10:00:00.000Z
Virksomheter, foretak og regnskap;Utenriksøkonomi
no
regnut, Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering, utanlandsgjeld, eigedelar i utlandet, fordringar, utanlandsgjeld, utanlandsinvesteringar, bankinnskott, landfordelingFordringer og gjeld overfor utlandet , Regnskap, Utenriksøkonomi, Virksomheter, foretak og regnskap
false

Rekneskap for ikkje-finansielle føretaks utanlandsfinansiering4. kvartal 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir langsiktige investeringar i utlandet

Dei største norske ikkje-finansielle aksjeselskapa hadde ved utgången av 2008 eigedelar i utlandet til ein verdi av 1 133 milliardar kroner. Nesten tre firedelar av eigedelane var langsiktige, med eit perspektiv på minst eit år.

Samanlikna med utgangen av tredje kvartal, var auken i dei samla eigedelane i utlandet på knappe 1 prosent. I same periode auka dei langsiktige eigedelane i utlandet med over 9 prosent, frå 746 til 816 milliardar kroner. Dersom ein samanliknar med tala for 4. kvartal 2007, ser ein at både dei samla og dei langsiktige eigedelane auka med om lag 19 prosent.

Dei kortsiktige plasseringane i utlandet (omløpsmidlar) - som i større grad er verdsette til marknadsverdi - syner ein reduksjon frå tredje til fjerde kvartal 2008 med 61 milliardar kroner, eller 16 prosent. Sett i høve til fjerde kvartal 2007, aukar dei kortsiktige plasseringane med 47 milliardar kroner, eller 17,5 prosent.

Om statistikkgrunnlaget

Statistikken byggjer på opplysningar frå dei 600 største ikkje-finansielle føretaka målt ved fordringar og gjeld i utlandet, samt aksjar i utlandet og aksjar ått av utlendingar.

Dei innrapporterte opplysningane byggjer på rekneskapsmessige verdiar og storleikar, etter prinsipp nedfelt i rekneskapslova. Verdiane er ikkje i alle høve eit godt uttrykk for den verkelege verdien eller marknadsverdien på eigedelane.

Tabeller: