Liten nedgang i talet på nye føretak trass korona-krise

Publisert:

Det vart etablert 14 965 nye føretak i 2. kvartal i år. Det er 1 110 færre enn i 2. kvartal i fjor. Nedgangen i talet på nye føretak frå 1. til 2. kvartal var klårt større i år enn i fjor, men for aksjeselskapa var det vekst.

Det vart etablert ei rekkje føretak under den krevjande starten av korona-krisa, og faktisk 12 prosent fleire aksjeselskap i 2. kvartal i år samanlikna med 2. kvartal i fjor. Det vart samstundes etablert 19 prosent færre einskildpersonføretak, noko som kan skuldast auka personleg risiko knytt til denne selskapsforma og at den er meir vanleg i utsette næringar.

Kultur, underhaldning og fritid hardast råka

Innanfor kultur, underhaldning og fritid, undervisning, og overnatting og servering var det ein betydeleg nedgang i talet på nye føretak samanlikna med 2. kvartal i fjor, til saman 29 prosent, men sjølv i desse næringane vart det etablert nær 1 800 nye føretak under korona-krisa si første fase. Innanfor industri, varehandel, transport og IKT vart det registrert ein vekst i talet på nye føretak på til saman 21 prosent, men auka kan delvis skuldast at fleire av dei nye føretaka var registrert med kjend næring i denne perioden.

Figur 1. Nye føretak, unntatt offentleg forvaltning og primærnæringane

Nye føretak
2. kv. 2008 13076
2. kv. 2009 10732
2. kv. 2010 11456
2. kv. 2011 11854
2. kv. 2012 13684
2. kv. 2013 14014
2. kv. 2014 14037
2. kv. 2015 14380
2. kv. 2016 14977
2. kv. 2017 14848
2. kv. 2018 14738
2. kv. 2019 16075
2. kv. 2020 14965

Kontakt