268174_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
268174
Lågare tenesteimport
statistikk
2016-12-19T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false
Statistikk over norsk tjenestehandel med Norden, EU og andre regioner. Tallene viser bl.a. hvilke næringsgrupper og tjenester som har høyest importverdi og eksportverdi.

Utanrikshandel med tenester3. kvartal 2016

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare tenesteimport

Importen av tenester gjekk ned frå 2. til 3. kvartal 2016, og enda på 54,9 milliardar kroner. Det er ein nedgong på 5,8 prosent, eller om lag 3,4 milliardar kroner. Samanlikna med det same kvartalet i 2015 gjekk tenesteimporten ned med omlag 3,9 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
3. kvartal 2016Endring i prosent
2. kvartal 2016 - 3. kvartal 20163. kvartal 2015 - 3. kvartal 2016
Eksport49 593-4,1-16,7
Import54 946-5,8-6,7

Noregs eksport av tenester enda på 49,6 milliardar kroner i 3. kvartal 2016, ein nedgong på om lag 2 milliardar kroner frå 2. kvartal 2016. Samanlikna med same kvartal i 2015, er dette ein nedgong på 16,7 prosent, eller om lag 9,9 milliardar kroner.

Balansen for tenestehandelen i 3. kvartal 2016 enda med eit underskot på om lag 5,4 milliardar kroner.

Sjøtransporttenester dominerer framleis tenesteeksporten

Sjøfartstenester utgjer om lag ein tredel av Noregs tenesteeksport. I 3. kvartal 2016 vart det eksportert sjøfartstenester for om lag 16,4 milliardar kroner. Samanlikna med 3. kvartal 2015 er det ein nedgong i eksportverdi på om lag 6,4 milliardar kroner. Den nest største tenestegruppa innan eksport var forretnings-, profesjons- og tekniske tenester med 9,2 milliardar kroner. Desse tenestene hadde ei prosentvis auke på 10 prosent samanlikna med føregåande kvartal. I verdi tilsvarar dette ein oppgong på 834 millionar kroner.

For importen sin del er det forretnings-, profesjons- og tekniske tenester som er den største gruppa. Importverdien av desse tenestene var om lag 9,9 milliardar kroner, som er 2,6 prosent mindre enn i det føregåande kvartalet. Kjøp av desse tenestene frå utlandet stod for 18,1 prosent av den totale tenesteimporten. Petroleumstjenester, med ein andel på 15,2 prosent av den totale tenesteimporten, er den nest største importgruppa i 3. kvartal 2016, med ein importverdi på om lag 8,4 milliardar kroner.

Transport og lagring største eksportnæring

Sjølv om føretak innan næringa transport og lagring eksporterte tenester for totalt 8,4 milliardar mindre i 3. kvartal 2016 samanlikna med same kvartal føregåande år, dominerar næringa likevel med 44 prosent av den totale tenesteeksporten i 3. kvartal 2016. Føretak innanfor næringa fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting var den nest største næringsgruppa i 3. kvartal 2016, med ein eksportverdi på om lag 7,6 milliardar kroner.

Når det gjeld import av tenester, er det - som i dei føregåande kvartala - særleg næringa bergverksdrift og utvinning som saman med transport og lagring peikar seg ut. Føretaka innanfor bergverksdrift og utvinning står for 31,6 prosent, og næringa transport og lagring for 25,6 prosent av den totale tenesteimporten. I verdi tilsvarar dette høvesvis om lag 17,4 og 14,1 milliardar kroner.

Samhandelen med Europa viktig

Eksporten til europeiske land stod for 52,2 prosent av tenestehandelen i 3. kvartal 2016 tilsvarande om lag 25,9 millardar kroner. EU utanom Norden er største marknad for tenesteeksporten, med omkring 15,2 milliardar, eller 30,7 prosent av total tenesteeksport. Handelen med nordiske land utgjorde 17,2 prosent. Tenesteeksporten til Asia og Nord- og mellom Amerika er begge på 17,1 prosent.

Norske ikkje-finansielle føretak fekk 40,3 prosent av sine importerte tenester frå EU utanom Norden i 3. kvartal 2016, dette tilsvarar om lag 22,2 milliardar kroner. Nordiske land sto bak 19,9 prosent av den norske importen, og land frå Nord- og Mellom-Amerika sto bak 17,1 prosent av den norske tenesteimporten i 3. kvartal 2016.