160852_not-searchable
/utenriksokonomi/statistikker/uhtjenester/kvartal
160852
Auka tenestehandel med utlandet
statistikk
2014-06-19T10:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
uhtjenester, Utanrikshandel med tenester, import, eksport, ikkje-finansielle føretak, tenestetypar (for eksempel sjøtransport, petroleumstenester, forsking og utvikling), samhandel, næringsgrupper (for eksempel transport, forretningsmessig tenesteyting, bergverksdrift og utvinning)Utenrikshandel, Utenriksøkonomi
false

Utanrikshandel med tenester1. kvartal 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka tenestehandel med utlandet

Både import og eksport av tenester hadde ein oppgang frå 1. kvartal 2013 til 1. kvartal 2014. Eksport av tenester enda på 47 milliardar kroner, medan det vart importert tenester for 44 milliardar kroner.

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak. Millioner kroner
1. kvartal 2014Endring i prosent
4. kvartal 2013 - 1. kvartal 20141. kvartal 2013 - 1. kvartal 2014
Eksport47 324-13,48,7
Import43 817-21,13,9
Figur 1. Utanrikshandel med tenester, etter verdsdel

I 1. kvartal 2014 eksporterte ikkje-finansielle føretak tenester for 47 milliardar kroner. Det er ein oppgang på 8,7 prosent frå same kvartal i fjor.

Importen av tenester enda på 44 milliardar kroner, og steig med 3,9 prosent frå 1. kvartal 2013. Til liks med 1. kvartal 2013, eksporterte norske ikkje-finansielle føretak i 1. kvartal 2014 fleire tenester enn dei importerte. Verdien av eksporten oversteig importen med i overkant av 3 milliardar kroner.

Størst import av petroleumstenester

Tenester relaterte til petroleumsverksemd utgjorde den klart største gruppa av importerte tenester i 1. kvartal 2014, og stod for 21,7 prosent av importen. Dette er ein oppgang på 8,4 prosent frå same kvartal i fjor. Det vart importert forretnings-, profesjons- og tekniske tenester for 8 milliardar kroner, som dermed stod for 18,1 prosent av tenesteimporten i 1. kvartal 2014. Tenester knytte til transport og reiseverksemd stod for 17 prosent av den totale tenesteimporten i 1. kvartal 2014. Samanlikna med same kvartal føregåande år var dette ein svak nedgang på 3,3 prosent.

Noregs eksport av tenester er fortsatt dominert av sjøtransporttenester. Desse tenestene hadde ein auke på 13 prosent i 1. kvartal 2014 samanlikna med same kvartal året før. Verdien av eksporten for sjøtransporttenester var i underkant av 18 milliardar kroner, og denne tenestegruppa stod for 37,4 prosent av den totale tenesteeksporten.

Også forretnings-, profesjons- og tekniske tenester var vektige, med 21,1 prosent av eksporten. Dette svarar til ein eksportverdi på om lag 10 milliardar kroner. Eksporten av petroleumstenester hadde ein auke på 28,1 prosent i 1. kvartal 2014 samanlikna med 1. kvartal 2013. I verdi svarar dette til om lag 1 milliard kroner. Desse tenestene stod for 10,8 prosent av den totale tenesteeksporten i 1. kvartal 2014.

Mest tenestehandel med utlandet for 'transport og lagring'

Næringa transport og lagring importerte tenester for i overkant av 11 milliardar kroner i 1. kvartal 2014, og stod for 26,8 prosent av den totale tenesteimporten. Næringa bergverksdrift og utvinning utgjorde 25,8 prosent av den totale tenesteimporten, og samanlikna med 1. kvartal 2013 var dette ein auke på 3,1 prosent.

Føretak innanfor transport og lagring er den klart største eksportnæringa innanfor utanrikshandel med tenester. Dei stod for 48,1 prosent av den totale eksporten i 1. kvartal 2014, ein auke på 14,4 prosent samanlikna med 1. kvartal 2013. Fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting står òg for ein stor del av tenesteeksporten, med 16,3 prosent av verdien for dei eksporterte tenestene, i underkant av 8 milliardar kroner.

Noreg har mest tenestehandel med europeiske land

I 1. kvartal 2014 kom 40,7 prosent av Noregs import av tenester frå EU utanom Norden. Det utgjorde ein verdi på i underkant av 18 milliardar kroner. Nordiske land stod for 23,6 prosent av tenesteimporten, som svarte til i overkant av 10 milliardar kroner.

Samla sett tok europeiske land imot 49,5 prosent av den totale tenesteeksporten frå norske ikkje-finansielle føretak i 1. kvartal 2014. Hittil i år har det blitt eksportert tenester for om lag 14 milliardar kroner til EU-land utanom Norden, og i underkant av 8 milliardar til våre nordiske naboland.