365673
/utenriksokonomi/statistikker/intrevm/maaned-endelige
365673
statistikk
2019-03-21T08:00:00.000Z
Utenriksøkonomi
no
intrevm, Internasjonale reservar og valutalikviditet, valutastraumar, verdipapir, valutabehaldningFordringer og gjeld overfor utlandet , Utenriksøkonomi
true

Internasjonale reservar og valutalikviditet

Oppdatert

Neste oppdatering

Internasjonale reservar og andre krav i valuta, marknadsverdiar. Millionar kroner
Januar 2019Februar 2019
A. Internasjonale reservar og andre krav i valuta551 213564 908
Internasjonale reservar499 546508 311
Reserveposisjonen i IMF7 1637 171
Spesielle trekkrettar i IMF18 06518 254
Andre internasjonale reservar26 43931 172
Andre krav i valuta2 5183 765

Sjå utvalde tabellar frå denne statistikken

Tabell 1 
Internasjonale reservar og valutalikviditet. Millionar kroner

Internasjonale reservar og valutalikviditet. Millionar kroner
I. Internasjonale reserver og andre valutafordringerFebruar 2019
A. Internasjonale reserver NOK564 907
(1) Valutareserver508 311
(a) Verdipapir503 325
Av dette utanlandsk utferdar med hovudkontor i Noreg0
(b) Valutabehaldning og innskot med:4 986
(i) andre sentralbankar, BIS og IMF4 632
(ii) bankar med hovudkontor i Noreg0
av dette: i utlandet0
(iii) bankar med hovudkontor i utlandet354
av dette: i Noreg0
(2) Reserveposisjonen i IMF7 171
(3) Spesielle trekkrettigheter i IMF18 254
(4) Gull (inklusive utlånt gull)0
(5) Andre internasjonale reservar31 172
finansielle derivat-1
lån til utlendingar som ikkje er bankar0
anna31 173
B. Andre krav i valuta3 765
verdipapir utanfor internasjonale reservar0
innskot utanfor internasjonale reservar108
lån utanfor internasjonale reservar0
finansielle derivat utanfor internasjonale reservar3
gull utanfor internasjonale reservar0
anna3 654
II. Faktiske kortsiktige netto valutastraumer (nominell verdi)Februar 2019
LøpetidLøpetid totalLøpetid 0-1 mndLøpetid 1-3 mndLøpetid 3-12 mnd
1. Lån, verdipapir og innskot i utanlandsk valuta-160-160
utbetalingar (-) - (hovudstol)0000
utbetalingar (-) - (renter)-160-160
innbetalingar (+) - (hovudstol)0000
innbetalingar (+) - (renter)0000
2. Aggregerte korte og lange posisjonar i terminar og futures i utanlandsk valuta vis-à-vis norske kroner (inkludert i termindelen av valutaswapper)
(a) Korte posisjonar (-)-900-90000
(b) Lange posisjonar (+)1 7431 74300
3. Anna-17 429-17 42900
utbetalingar relaterte til repos (-)-279-27900
innbetalingar relaterte til reverse repos (+)0000
handelskredittar (-)0000
handelskredittar (+)0000
andre utbetalingar (-)-17 149-17 14900
andre innbetalingar (+)0000
IV. SpesifikasjonarFebruar 2019
(a) Kortsiktig innanlandsk valutagjeld indeksert til norske kroner0
(b) Finansielle instrument denominert i utanlandsk valuta som gjerast opp på andre måtar0
derivat (terminar, futures eller byteavtalar)0
(c) Eigedelar med hefte0
(d) Verdipapir som er lånte ut og selde med avtale om tilbakekjøp21 577
lånte ut eller selde med avtale om tilbakekjøp og inkludert i tab 1-9 616
lånte ut eller selde med avtale om tilbakekjøp og ikkje inkludert i tab 10
lånte ut eller kjøpte og inkludert i tab 10
lånte ut eller kjøpte og ikkje inkludert i tab 131 193
(e) Finansielle derivat (netto marknadsverdi)2
terminar2
futures0
byteavtalar0
opsjonar0
anna0
(f) Derivat (terminar, futures eller byteavtalar) med attståande løpetid over eitt år0
aggregerte korte og lange posisjonar i terminar og futures i utanlandsk valuta mot norske kroner (inkludert termindelen av valutabyteavtalar)0
aggregerte korte og lange posisjonar i byteavtalar i utanlandsk valuta mot norske kroner0
(2) Oppdateres minst en gang i året:
Fordeling av valutareservane i grupper av valutasortar0
valutasortar i SDR-kurven0
Fordeling av valuta verdsatt i USD0
Fordeling av valuta verdsatt i EUR0
Fordeling av valuta verdsatt i CNY0
Fordeling av valuta verdsatt i JPY0
Fordeling av valuta verdsatt i GBP0
valutasortar utanfor SDR-kurven0

Om statistikken

Endelege/førebelse tal for internasjonale reservar og valutalikviditet blir publisert månadleg på vegner av Noregs Bank. Publiseringa er ein del av sentralbanken sine forpliktingar som følgjer av IMFs dataspreiingsstandard SDDS (Special Data Dissemination Standard).

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Noregs Bank: Sentralbanken i Noreg har mellom anna rådgjevande, utøvande og kontrollerande funksjonar knytte til valuta-, penge- og kredittpolitikken.

NBIM: Noregs Bank Investment Management. NBIM forvaltar utanlandsformuen til Statens pensjonsfond, hovuddelen av Noregs Bank sine valutareservar og Statens petroleumsforsikringsfond. NBIM investerer i internasjonale aksjar, obligasjonar, pengemarknadsinstrument og derivat.

Balanserekneskapen: Balansen viser eigendelar, gjeld og eigenkapital ved utgangen av rekneskapsåret.

Internasjonale reservar: Likvide valutafordringar på utlandet under kontroll av pengepolitiske myndigheiter.

Valutalikviditet: (1) Likvide valutaressursar (internasjonale reservar og andre reservar) under myndigheitene sin kontroll. (2) Faktiske og moglege framtidige netto valutastraumar som påverkar desse valutaressursane på bakgrunn av kortsiktig valutagjeld og aktivitetar utanom balansen. Myndigheitene sin valutalikviditetsposisjon blir fastsett av mengda likvide valutaressursar som er til disposisjon etter at det er teke omsyn til faktiske og potensielle netto straumar på desse ressursane.

Framtidige kortsiktige forpliktingar: Netto valutastraumar som følgje av myndigheitene sin finansielle aktivitet vis-a-vis inn- og utlendingar dei neste 12 månadene.

Pengepolitiske myndigheiter: Sentralbanken.

Generelle rekneskapsprinsipp

Dataspredningsavtala definerar prinsipp som skal liggje til grunn for rapporteringa. Krava er nemnd nedanfor, og Noregs Bank følgjer desse.

Verdsetjing: Valutaressursane skal verdsetjast til marknadsprisar, det vil seie den prisen dei ville fått i marknaden på referansedatoen (siste virkedag i månaden).

Dei framtidige straumane knytte til valutaressursane (forward, futures, swaps) skal verdsetjast til nominell/faktisk verdi, det vil seie verdien på det tidspunktet kapitalstraumen finn stad.

Opsjonar vert verdsette til det valutabeløpet som kan bli kjøpt eller seld ved innløysing av opsjonen.

Periodisering: IMF anbefaler at handleriktig dato blir nytta til periodisering av rekneskapen. Ved kjøp og sal av utanlandske verdipapir vil fordringar og gjeld vert presentert som fordring inntil oppgjeret vert sluttført.

Valuta: Den nye standarden gjev inga krav om at dataene skal rapporterast i NOK eller annan valuta. Det blir anbefalt at ein nyttar den valutaen som normalt vert nytta til å publisere internasjonale reservar.

Standard klassifikasjonar

Statistikken byggjer på IMFs "Data Template on International Reserves and Foreign Currency Liquidity" -Operational Guidelines, oktober 1999.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Internasjonale reservar og valutalikviditet
Emne: Utenriksøkonomi

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for finansielle foretak

Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg:

Mellombelse tal, del I, vert publiserte 5. virkedag etter referansemånaden.

Endelege tal, del I - IV, vert publiserte den 21. (eller neste virkedag) etter referansemånaden.

Internasjonal rapportering

International Monetary Fund (IMF).

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Noreg har slutta seg til dataspredningsstandarden SDDS (Special Data Dissemination Standard) i det internasjonale pengefondet (IMF). Denne standarden forpliktar sentralbankane i medlemslanda å publisere ein detaljert oversikt over internasjonale reservar og valutalikviditeten. Sentralbankane skal offentleggjere statistikk etter særskilde reglar med omsyn til omfang, spesifikasjonsgrad, frekvens og aktualitet.

Brukarar og bruksområde

IMF, Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og publikum.

Likebehandling av brukere

Ikkje relevant

Samanheng med annan statistikk

Samanheng med Noregs Bank sin balanse.

Lovheimel

Statistikklova § 2-2.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Del I inneheld internasjonale reservar og andre fordringar på utlandet basert på marknadsverdiar frå aktivasida av Noregs Bank sin balanse. Del II inneheld faktiske framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Kontantstraumane vert presenterte til nominell verdi. Del III inneheld moglege framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Del IV inneheld spesifikasjonar og relevant informasjon ikkje nemnde annan stad.

Dataene vert publiserte i NOK millionar til verkeleg eller nominell verdi. Petroleumsfondet inngår ikkje i talgrunnlaget. Noregs Bank selde store delar av gullet tidleg i 2004, og resten av gullet er ikkje definert som del av reservane.

Datakjelder og utval

Opplysningane er baserte på rekneskapsopplysningar frå Noregs Bank.

Datainnsamling, editering og beregninger

Elektronisk innrapportering av skjema i Excel.

Tala er å oppfatte som å vere endelege ved publisering. Ved revisjon, vert dei månadlege tala endelege når den månadlege balansen til Noregs Bank vert publisert, 10 norske arbeidsdagar etter referansemånaden. Den månadlege balansen vert publisert på Noreg Bank sine nettsider (http://www.norges-bank.no). Revisjonar av tidlegere periodar gjerast bare ved årsskiftet, men dei månadlege tale blir ståande uendra.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Utgåver av statistikken Internasjonale reservar og valutalikviditet publisert før 7. april 2017.

Tidsserier vert publiserte.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Det kan førekome feil og manglande samsvar i rekneskapsopplysningane. Dei manglande samsvara kan ha fleire kjelder, mellom anna feil ved overføring av data frå Noregs Banks rekneskap eller NBIM.

Varians: Ikkje relevant. Skeivheit: Ikkje relevant.

Det kan vere avvik mellom handleriktige og bokføringsriktige data.

Revisjon

Ikkje relevant

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB