Overskot på tenestebalansen

Publisert:

Eksport av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak enda i 1. kvartal 2020 på 68,2 milliardar kroner. Import av tenester utgjorde 65,6 milliardar kroner. Tenestebalansen mellom Noreg og utlandet enda dermed på 2,6 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein nedgang i både eksport og import av tenester samanlikna med 4. kvartal 2019. Importen gjekk ned med 15,2 prosent medan eksporten gjekk ned med 5,4 prosent. Det er vanleg at både eksport og import av tenester er høge i 4. kvartal, og at verdiane fell i 1. kvartal.

Sett mot 1. kvartal 2019 auka eksporten med 17,0 prosent og importen med 7,9 prosent. Industrinæringane, og næringa transport og lagring auka sin eksport med henholdsvis 1,8 og 2,3 milliardar kroner samanlikna med same kvartal føregåande år. For importen er det næringane bergverksdrift og utvinning, samt informasjon og kommunikasjon, som har høgast vekst i verdi; henholdsvis 1,4 og 1,7 milliardar mot same periode i fjor.

Figur 1

Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksportnæringa; transport og lagring, hadde ein samla eksport på 31,4 milliardar kroner.
  • Det vart eksportert sjøtransporttenester for 23,4 milliardar kroner; ein oppgang på 2,8 prosent samanlikna med same kvartal året før.
  • EU-land utanom Norden mottok 22,0 prosent av tenesteeksporten frå Noreg i 1. kvartal 2020.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 1.kvartal 2020

landagg_no Import Eksport
Uspesifisert 1.3 1.7
Andre Regioner 19.2 29
Norden 22.4 19.5
Nord og MellomAmerika 12.7 12.4
Asia 13.5 15.4
EU utanom Norden 30.8 22

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring stod for nær ein tredel av tenesteimporten i 1. kvartal 2020, med 17,8 milliardar kroner. Dette til tross for ein nedgang på 11,5 prosent, om lag 2 milliardar kroner, i forhold til 1. kvartal 2019.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 1. kvartal 2020. Importverdien var på 13,6 milliardar kroner; ein oppgang på 14,4 prosent samanlikna med same kvartal året før.
  • EU-land utanom Norden leverte 30,8 prosent av den totale norske tenesteimporten.

Om Storbritannia og EU

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken «utanrikshandel med tenester». Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.