Nedgang i tenestehandelen

Publisert:

Eksporten av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak gjekk ned med 4,5 prosent frå 2. kvartal 2019 til 2. kvartal 2020. Tenesteimporten hadde eit fall på 4,7 prosent i den same perioden. Tenesteeksporten enda på 61,5 milliardar medan tenesteimporten enda på 64,9 milliardar i 2. kvartal 2020.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein sjeldan nedgang i eksport og import samanlikna med 1. kvartal 2020. Eksporten gjekk ned med 9,3 prosent, medan importen gjekk ned med 7,1 prosent mot same periode. Underskotet på tenestebalansen enda på 3,4 milliardar kroner i 2. kvartal 2020.

Målt mot 2.kvartal 2019 så ser vi størst nedgang i import av tenester tilknytt transport og reiseverksemd, ned 3,8 milliardar kroner. Eksport av sjøtransporttenester var 4 milliardar lågare enn 2.kvartal 2019, og er tenestetypen som trekker mest ned.

Figur 1.

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksportnæringa; transport og lagring, hadde ein samla eksport på 27,9 milliardar kroner.
  • Det vart eksportert sjøtransporttenester for 21,3 milliardar kroner; ein nedgang på 15,8 prosent mot same periode året før.
  • EU-land utanom Norden mottok ein femtedel av tenesteeksporten frå Noreg i 2. kvartal 2020.

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring er framleis størst når det gjeld import av tenester med 27 prosent av alle importerte tenester, tilsvarande 17,5 milliardar kroner i 2. kvartal 2020.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 2. kvartal 2020. Importverdien var på 13,1 milliardar kroner, og tenestegruppa stod dermed for 20,2 prosent av total tenesteimport.
  • Nær ein tredel av den totale tenesteimporten kom frå EU-land utanom Norden.

Figur 2. Landfordelt tjenestehandel 2.kvartal 2020

Import Eksport
EU utanom Norden 32 20.6
Asia 13.1 16.1
Nord og Mellom Amerika 11.4 13.1
Norden 21.4 18.1
Andre Regioner 20.7 30.7
Uspesifisert 1.5 1.5

Om Storbritannia og EU

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken «utanrikshandel med tenester». Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.