Framleis nedgang i tenestehandelen med utlandet

Publisert:

Endret:

Også i 3. kvartal 2020 falt norske ikkje-finansielle føretaks eksport og import av tenester. Dette er fyrste gongen vi ser nedgang tre kvartal på rad for tenestehandelen.

Nye tal frå statistikken utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak viser at tenestehandelen med utlandet held fram med å falle i 3. kvartal. Det er vanlei at tenestehandelen går ned frå 4. til 1. kvartal, men i år har nedgangen vedvart også i 2. og 3. kvartal. Dette er fyrste gongen undersøkinga viser nedgang tre kvartal på rad, både for eksport og import av tenester. Samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor var eksporten i 3. kvartal ned 14,5 prosent medan importen gjekk ned med 11,9 prosent.

Frå 2. til 3. kvartal falt eksporten med 3,4 prosent, medan importen gjekk ned med 4,9 prosent. Eksporten enda på 57,7 og importen på 60,9 milliardar kroner, som ga eit underskot på tenestebalansen på 3,2 milliardar kroner i 3. kvartal 2020.

Det er tenester innan forretnings-, profesjons- og tekniske tenester som trekker eksport og importverdien mest ned frå 2. kvartal til 3. kvartal. Sett i forhold til same periode i fjor var det eksport av sjøtransporttenester som stod for den største nedgangen, på om lag 5 milliardar kroner. Når det gjeld importen, fortsett tenester tilknytt transport og reiseverksemd å falle i 3. kvartal 2020. Denne tenestegruppa, som inkluderar blant anna reisebyrå-, turistkontor- og reisearrangørtenester, vart målt til 5,9 milliardar kroner, ned heile 4,6 milliardar kroner mot same kvartal året før.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Brei og dyp nedgang i tenesteeksporten

Fem av åtte næringar hadde nedgang i tenesteeksporten i 3. kvartal 2020. Den største prosentvise endringa finn vi blant føretak innan næringa forretningsmessig tenesteyting, som blant anna inneheld føretak innan reisebyråvirksomhet. Her har eksporten meir enn halvert seg mot året før og falt med 21,6 prosent frå 2. til 3. kvartal 2020.

Den største eksportnæringa er framleis transport og lagring, som stod for 46,5 prosent av total eksport. Tala viser at denne næringa sin eksport gjekk ned med ein femtedel samanlikna med same kvartal i fjor.  

Tala viser ei svak auke i eksport av luft- og landtransporttenester frå 2. til 3. kvartal 2020, på 5,8 prosent. Målt mot tilsvarande kvartal året før har verdien av desse tenestene likevel halvert seg, og enda på 1,8 milliardar kroner i 3. kvartal 2020.

Tydeleg fall også i tenesteimporten

Det er føretak innan næringa forretningsmessig tenesteyting som har størst prosentvis nedgang i tenestekjøp frå utlandet, både samanlikna mot førre kvartal og mot same periode i fjor. Undersøkinga viser ein nedgang på tre fjerdedelar frå i fjor og 17,7 prosent frå førige kvartal. Nedgangen i denne næringa kan tilskrivast reiserestriksjonane i forbindelse med COVID-19 og tenester tilknytt reisebyrå,- turistkontor- og reisearrangørtenester.  

Næringa transport og lagring er framleis størst når det gjeld import av tenester, og føretak innan denne næringa kjøpte tenester for nær 16,5 milliardar kroner i 3. kvartal 2020. Dette er eit fall på 23,8 prosent mot same periode året før.

Som i tidlegare kvartal, vert det importert mest tenester tilknytt forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester. Samla importverdi enda på 11,3 milliardar kroner i 3. kvartal 2020, ned om lag 8 prosent frå føregåande kvartal.

Blant dei viktigaste handelspartnarane for dei ikkje-finansielle føretakene er EU-land utanom Norden. Om lag ein fjerdedel av tenestene vart eksportert til desse landa, medan ein tredjedel av tenesteimporten kom frå denne regionen.

Figur 2. Landfordelt tenestehandel 3. kvartal 2020

Import Eksport
EU utanom Norden 33.3 23.4
Asia 13.2 16.7
Nord og MellomAmerika 10.9 12.6
Norden 21.6 18.6
Andre Regioner 19.7 27.3
Uspesifisert 1.3 1.4

Om Storbritannia og EU

På grunn av at Storbritannia si utmelding frå EU vart formelt fullført frå og med 1. februar 2020 vart det ei endring i statistikken «utanrikshandel med tenester». Då undersøkinga ikkje måler handelen kvar månad, men for kvartalet som heile, er Storbritannia i statistikken flytta frå regionen «EU-land utanom Norden» til regionen «Europa elles» frå og med 1. kvartal 2020.