Framleis auke i tenestehandelen med utlandet

Publisert:

Endret:

Eksport av tenester frå norske ikkje-finansielle føretak enda i 3. kvartal 2019 på 65,8 milliardar kroner. Import av tenester utgjorde 70,0 milliardar kroner. Underskotet på tenestebalansen mellom Noreg og utlandet enda dermed på 4,2 milliardar kroner.

Statistikken Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak synte ein auke i både eksport og import av tenester samanlikna med 3. kvartal 2018. Både eksport og import auka med 16,6 prosent sett mot same periode føregåande år.

Figur 1

Figur 1. Utanrikshandel med tenester for ikkje-finansielle føretak

Eksport av tenester

  • Den største eksport-næringa, transport og lagring, auka sin eksport av tenester med 4,8 milliardar kroner til 34,1 milliardar kroner. Dette var ein auke på 16,3 prosent frå 3. kvartal 2018.
  • Det vart eksportert sjøtransporttenester for 26,5 milliardar kroner, 3,6 milliardar kroner meir enn i same kvartal året før.
  • EU-land utanom Norden mottok 35,7 prosent1 av tenesteeksporten frå Noreg i 3. kvartal 2019.

Figur 2. Eksport av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019 3.kv. 2019
EU utanom Norden 30.5 32.3 34.2 30.8 30.9 34.4 34.1 33.5 32.3 33.9 33.2 34.8 32.3 34.1 35.1 36 32.8 36.6 36 34.3 34.9 35.5 35.7
Asia 17.2 20.5 17.8 19.2 18.5 17 17.7 17.7 17.1 15.3 16.9 13.6 18.3 16.1 15.9 15.7 17.4 16.7 16.9 17.2 15.8 16.4 15.8
Nord og MellomAmerika 15.5 17.2 14.4 20.7 15.6 14.7 14.9 16.1 15.5 15.3 15.4 14 14.8 14.1 13.1 12.5 13.6 12.9 12.6 13.3 12.8 11.8 12.7
Norden 15.3 12.9 15.6 12.6 14.3 14 14.6 15.7 15.3 17 15.9 17.4 16.8 15.8 16.1 16.5 17.5 16.3 16 16.4 17.7 16.4 17
Andre Regioner 15 14.7 14.6 15.3 17.3 16.1 16.3 15.7 16.7 15.3 16.4 17.2 14.6 16.7 17.4 16.8 17 15.9 16 16.8 16.9 17.9 16.5

Import av tenester

  • Næringa transport og lagring stod for nær ein tredel av tenesteimporten i 3. kvartal 2019, med 22,2 milliardar kroner. Dette var ein oppgang på 3,2 prosent, om lag 700 millionar kroner i forhold til 2. kvartal 2019.
  • Norske ikkje-finansielle føretak importerte mest forretnings- og profesjonstenester og tekniske tenester i 3. kvartal 2019. Importverdien var på 12,3 milliardar kroner, og tenestegruppa stod dermed for 17,5 prosent av total tenesteimport.
  • EU-land utanom Norden leverte 43,9 prosent av den totale norske tenesteimporten

Figur 3. Import av tenester

1.kv. 2014 2.kv. 2014 3.kv. 2014 4.kv. 2014 1.kv. 2015 2.kv. 2015 3.kv. 2015 4.kv. 2015 1.kv. 2016 2.kv. 2016 3.kv. 2016 4.kv. 2016 1.kv. 2017 2.kv. 2017 3.kv. 2017 4.kv. 2017 1.kv. 2018 2.kv. 2018 3.kv. 2018 4.kv. 2018 1.kv. 2019 2.kv. 2019 3.kv. 2019
EU utanom Norden 41.5 46.6 43.8 45.4 41.7 41 44.9 42.2 41.5 40.2 42.6 40 43.5 44 43.9 43.8 42.4 45.4 44.5 45 45 46 43.9
Asia 10.7 12.7 11.3 12.8 12.4 12.7 11.4 12.7 11.2 12.5 12.2 13.6 13.1 12.7 12 12 13.1 12.8 12.4 12.6 13.2 11.7 12.5
Nord og MellomAmerika 12.9 10.6 10.7 13.8 15.7 16.3 15 15.5 15.5 18.5 16.1 15.1 14.2 14 13 13.2 13.5 13.1 12.5 13.1 12.7 12.5 13.4
Norden 23.8 21.8 25.2 20.5 20.9 21 22 22.1 21.8 19.3 21 20.9 20.7 20.1 21.4 20.5 21.3 19.7 21.4 20 20.8 21 22.6
Andre Regioner 6.5 5.3 5.8 4.9 6.2 6.1 5.1 7.5 7.9 7.1 7.1 8.6 6.6 7.5 8.1 9.2 8.4 7.4 7.6 7.8 6.9 7.3 6.3

1 Tallet ble endret fra 35,8 til 35,7 den 3. desember kl.10.08.