Nedturen fortsette for hotella

Publisert:

Den nedgåande trenden for overnattingsverksemdene i Noreg fortsette i februar. Talet på hotellovernattingar fall med heile 65 prosent målt mot same månad i fjor.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 0,9 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i februar i år. Det er heile 1,3 millionar færre enn i februar i fjor. Overnattingar gjort av nordmenn fall med 47 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 86 prosent.

Muterte virusvariantar ga auka smittetal i februar og det vart derfor innførd strengare reiserestriksjonar. Med nokon få unntak måtte blant anna alle som kom til Noreg i karantene i 10 dagar. Reglane for bruk av karantenehotell var stramma inn. Regjeringa innførde også regionale tiltak i nokre kommunar.

Tiltak for å stogge koronapandemien har ført til at nesten ni av ti utanlandske hotellovernattingar vart borte, samstundes med at norske overnattingar vart meir enn halvert. På hyttegrender og vandrarheimar var det 40 prosent færre overnattingar, medan campingplassane hadde igjen ein mindre nedgang på 6,6 prosent.

Figur 1. Overnattingar etter innkvarteringstype. Endring i prosent mot same månad året før

Juni 2019 Juli 2019 Aug. 2019 Sep. 2019 Okt. 2019 Nov. 2019 Des. 2019 Jan. 2020 Feb. 2020 Mars 2020 April 2020 Mai 2020 Juni 2020 Juli 2020 Aug. 2020 Sep. 2020 Okt. 2020 Nov. 2020 Des. 2020 Jan. 2021 Feb. 2021
Hotell 4.46 6.02 5.58 5.14 9.74 7.50 10.20 8.88 11.68 -57.02 -86.55 -77.60 -55.96 -8.95 -41.14 -42.28 -37.81 -61.77 -54.60 -64.16 -64.60
Campingplassar -1.05 3.88 5.75 0.82 5.50 -0.42 15.76 12.35 10.87 -40.65 -73.45 -7.59 -19.65 4.70 -4.62 -6.45 4.06 -13.87 -8.53 -6.81 -6.58
Hyttegrender og vandrarheimar -2.25 -1.50 0.97 1.31 10.31 9.12 13.29 11.24 25.80 -43.54 -81.10 -63.85 -53.98 -6.59 -27.80 -6.52 -6.21 -4.15 -21.64 -39.69 -39.78

Mange tomme hotellrom

Berre eit av fire rom på hotell i Noreg hadde gjester i årets andre månad. I løpet av dei siste 30 åra, har kapasitetsutnyttinga av rom i februar vore på om lag 50 prosent.

Losjiomsetninga i februar i år var 65 prosent lågare enn same månad i fjor, om lag det same som nedgangen i overnattingar. Gjennomsnittsprisen per rom var på 907 kroner, litt lågare enn i fjor. Det var samstundes store variasjonar blant fylka. Troms og Finnmark og Oslo opplevde den største nedgangen, medan Møre og Romsdal på si side hadde ein auke i gjennomsnittsprisen per rom på hotella målt mot februar i fjor. 

Figur 2. Pris per rom på hotell. Endring i prosent målt mot same månad året før

Månad Juni 2019 Juli 2019 Aug. 2019 Sep. 2019 Okt. 2019 Nov. 2019 Des. 2019 Jan. 2020 Feb. 2020 Mars 2020 April 2020 Mai 2020 Juni 2020 Juli 2020 Aug. 2020 Sep. 2020 Okt. 2020 Nov. 2020 Des. 2020 Jan. 2021 Feb. 2021
Pris per rom 7.4 4.1 0.6 0.7 3.9 0.2 1.9 2.7 2.5 2.9 -9.6 -7.2 -7.8 14.3 -1.1 -3.7 -4.2 -12.2 -6.3 -9.9 -8.3

Størst fall i byar og på vinterdestinasjonar

Av dei 67 reiselivsregionene som har blitt definert i landet, var det Oslo som hadde flest hotellovernattingar, etterfølgt av Stavangerregion, Bergensregion og Hallingdal. Samla sett hadde dei fire regionane 183 000 overnattingar, som utgjer 28 prosent av alle hotellovernattingane i februar i år.

Blant dei 10 regionane med flest overnattingar i februar 2021 var det størst nedgang i talet på overnattingar i Oslo, Bergensregion og Trondheim. Berre Haugesund/Haugeland hadde like mange hotellovernattingar samanlikna med februar i fjor.

Talet på norske overnattingar på hotella gjekk mest ned i dei største byane og på Romerike, medan talet på utanlandske overnattingar i tillegg gjekk mykje ned i typiske vinterdestinasjonar som Lillehammer-region og Valdres i Innlandet, og Hallingdal og Norefjellsregion i Viken. Norefjellsregion skilte seg litt ut frå dei andre, med ein auke i talet på norske overnattingar. 

1 Reiselivsregionar er ei regional inndeling på nivået mellom fylke og kommune. Reiselivsregionane har blitt utpeikt av reiselivskontor eller andre einingar innanfor reiselivet i samarbeid med SSB

Figur 3. Hotellovernattingar. Dei 10 reiselivsregionane¹ med flest hotellovernattingar. Februar 2020 og 2021

2020 2021
Oslo 369988 57228
Stavangerregion 94576 49930
Bergensregion 136315 38317
Hallingdal 84322 37429
Lillehammer-region 77548 31441
Romerike 107374 29047
Trondheim 109847 29008
Tromsø 101835 22245
Haugesund/Haugeland 19410 19369
Ålesund/Sunnmøre 33567 17374

Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.

Karantenehotell

5. november 2020 innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Reglane har vorte endra ved fleire høve, og nye innstrammingar har blitt annonsert, seinast den 17. mars 2021. Med nokon få unntak må alle som kjem til Noreg i karantene i 10 dagar. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider.

Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i februar. Hotell som er reine karantenehotell er halde utanfor statistikken. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Dette er i samsvar med korleis andre europeiske land som rapporterer til Eurostat behandlar dette.