Halvering av overnattingar

Publisert:

Overnattingar i november 2020 var meir enn halvert i høve til november året før, etter nye restriksjonar for å stogge pandemien vart iverksett i november. Hotella var særskilt hardt ramma, og hadde ein nedgang på over 60 prosent.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var om lag 860 000 overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i november i fjor. Det er om lag 1,1 millionar færre enn i november året før. Talet på norske overnattingar gjekk ned med 54 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med 67 prosent. Norske overnattingar fall med 60 prosent på hotella, og med 11 prosent på campingplassar. På hyttegrender og vandrarheim auka dei norske overnattingane med 16 prosent.

Restriksjonane for å stogge pandemien blei stramma inn i november, der det var ytterlegare avgrensingar i høve til sosial distansering, og størrelsar på grupper som kunne samlast. Det blei i tillegg innført karantenehotell ved innreise til Norge.

- Nedgangen vi ser i november er tilbake til det fallet vi såg heilt i starten av pandemien, seier rådgivar Kristin Aasestad i SSB.

Figur 1. Totale overnattingar. Endring i prosent målt mot same månad året før

jun.19 jul.19 aug.19 sep.19 okt.19 nov.19 des.19 jan.20 feb.20 mar.20 apr.20 mai.20 jun.20 jul.20 aug.20 sep.20 okt.20 nov.20
Endring i prosent 2.3 4.5 5.2 4.2 9.4 7.1 10.8 9.3 13.0 -54.7 -84.2 -62.3 -45.1 -3.1 -29.2 -34.4 -32.6 -56.5

Kraftig fall i overnattingar på hotell

Det var om lag 680 000 overnattingar ved norske hotell i november 2020. Dette er heile 62 prosent færre målt mot november i 2019. Hotella hadde ein kraftig nedgang både for norske og utanlandske overnattingar. Der det tidlegare månader var store regionale skilnader på kvar i landet det var nedgang, var det i november i fjor tilbake til nedgangen vi såg i starten av pandemien, med kraftige fall over heile landet. Det største fallet er framleis i Oslo, men òg fylke som har gjort det relativt betre enn andre under pandemien som Agder, hadde ein kraftig nedgang i november.

Reduksjon i overnattingar på campingplassar

Campingplassar har vore mindre prega i høve til talet på overnattingar under pandemien enn hotella, men også dei hadde ein nedgang i talet på overnattingar i november i fjor. Tidlegare under pandemien , det vil sei frå mars 2020 og framover, har det vore ein nedgang i talet på utanlandske overnattingar medan norske overnattingar har auka på campingplassar. For november, var dette ikkje tilfellet, der både norske og utanlandske overnattingar fall med høvesvis 11 og 35 prosent.

Figur 2. Overnattingar, etter innkvarteringstype, november 2020. Prosent

Hotell Camping Hyttegrend
Andel 79 12 9

Nedgang både i eurosona og i Norge

Dei seinaste tala frå Eurostat, statistikkontoret i EU, synte at landa i eurosonen samla sett hadde en nedgang i overnattingar frå september 2019 til september 2020 på 41 prosent. Tal for Norge synte ein nedgang i same periode på 34 prosent. I vårt naboland Sverige var det ein nedgang på 32 prosent i denne perioden, mens det i Danmark var ein nedgang på 20 prosent.

Eurostat har nylig laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land. 

Karantenehotell

5. november innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Dette medførte at reisande til Noreg måtte reise til utvalde hotell i 10 netter før dei kunne reise vidare inn i landet. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider

Opphald på karantenehotell er ikkje inkludert i tal for overnattingsstatistikken i november, eller andre månader. Under dette opphaldet kan personar ikkje bevege seg fritt utanfor sitt område. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Dette er i samsvar med korleis andre europeiske land som rapporterer til Eurostat behandlar dette.