Full fart før bråstopp for overnattingsbransjen i 2020

Publisert:

Etter fleire år med auke i talet på overnattingar var det i 2020 et fall på 33 prosent samanlikna med 2019. Hotella var særskilt hardt ramma, og hadde ein nedgang på over 40 prosent.

Tal frå overnattingsstatistikken syner at det var gjort 23,7 millionar overnattingar ved kommersielle overnattingsverksemder i Noreg i 2020. Året før var det 35,2 millionar overnattingar.

Nedgangen gjeld for alle innkvarteringstypar. Overnattingar gjort av nordmenn fall med 17 prosent, medan utanlandske overnattingar fall med heile 69 prosent. Størst var fallet i overnattingar på hotell.

– 2020 var eit vanskeleg år for mange i overnattingsbransjen. I januar og februar auka talet på overnattingar samanlikna med same månader året før. Etter restriksjonar for å stogge pandemien, stoppa næringa heilt opp. Unntaket var juli, då mange nordmenn drog på ferie i Noreg, seier seniorrådgivar Jarle Kvile i SSB.

I sommar nytta mange seg av campingtilboda, og talet på overnattingar på campingplassar har vore mindre prega av pandemien enn hotella. Totalt var det ein reduksjon i talet på campingovernattingar på 7 posent målt mot 2019. Talet på norske camping-overnattingar auka med 20 prosent, medan talet på utanlandske overnattinga fall med 72 prosent. Det var registrert ein auke i talet på camping-overnattingar i Agder og Telemark og Vestfold, medan det var størst reduksjon i talet på overnattingar i Vestland fylke.

– Talet på norske overnattingar på campingplassar auka med over 1 million 2020. Sjølv om også campingbransjen har kjent restriksjonane godt, kom dei best ut av året som vart sterkt prega av pandemien, seier Kvile.

Figur 1. Totale overnattingar. Endring i prosent målt mot same månad året før

Juni 2019 Juli 2019 Aug. 2019 Sep. 2019 Okt. 2019 Nov. 2019 Des. 2019 Jan. 2020 Feb. 2020 Mars 2020 April 2020 Mai 2020 Juni 2020 Juli 2020 Aug. 2020 Sep. 2020 Okt. 2020 Nov. 2020 Des. 2020
Hotell 4.46 6.02 5.58 5.14 9.74 7.50 10.20 8.88 11.68 -57.02 -86.55 -77.60 -55.96 -8.95 -41.14 -42.28 -37.81 -61.77 -54.60
Campingplassar -1.05 3.88 5.75 0.82 5.50 -0.42 15.76 12.35 10.87 -40.65 -73.45 -7.59 -19.65 4.70 -4.62 -6.45 4.06 -13.87 -8.53
Hyttegrender og vandrarheimar -2.25 -1.50 0.97 1.31 10.31 9.12 13.29 11.24 25.80 -43.54 -81.10 -63.85 -53.98 -6.59 -27.80 -6.52 -6.21 -4.15 -21.64

I 2020 vart nesten ni av ti overnattingar gjort av nordmenn. Totalt vart talet på norske overnattingar redusert med 4,1 millionar, medan det var 7,4 millionar færre utanlandske overnattingar enn i 2019. Størst reduksjon var det i talet på tyske, amerikanske og svenske overnattingar.

Her kan ein sjå dei seinaste tala frå Eurostat, statistikkontoret i EU.

Eurostat har laga ein oversikt over viktige korttidsindikatorar og deira utvikling under koronapandemien. Der kan man få ein visuell oversikt over utviklinga i overnattingar i ulike europeiske land.

Figur 2. Totale overnattingar. Prosentvis endring for utvalde land. 2019 – 2020

Endring
Kina -94.1
Spania -87.4
Frankrike -85.5
USA -78.7
Nederland -77.8
Tyskland -71.1
Sverige -64.0
Storbritannia -55.6
Polen -40.9
Finland -28.1
Danmark -21.9
Utlandet i alt -69.0
Noreg -16.6

Regionale skilnader

Både overnattingar gjort av nordmenn og utlendingar var høgast i Viken i 2020. Vestland var det fylke med nest flest norske og utanlandske overnattingar. Sett i høve til norske overnattingar, var delen utanlandske overnattingar størst på Svalbard og Troms og Finmark, medan den var minst i Agder og Vestfold og Telemark.

Kraftig fall i overnattingar på hotell

Det var om lag 14,7 millionar overnattingar ved norske hotell i 2020. Det er 41 prosent færre enn i 2019. Både norske og utanlandske overnattingar vart redusert med 5 millionar, og dette utgjorde eit fall på heile 71 prosent for utanlandske og 29 prosent for norske overnattingar. Der var store regionale skilnader. Samanlikna mot 2019 vart seks av ti overnattingar i Oslo og på Svarbard borte, medan ein av ti overnattingar i Agder vart borte.

Figur 3. Del av overnattingar etter innkvarteringstype. 2020

Hotell 62 % Camping 30 % Hyttegrender og vandrarheimar 8 %
Del 62 30 8

Nesten halvering av overnattingar i desember

Overnattingar i desember 2020 var nesten halvert i høve til desember året før. Det var meir enn ein halvering i talet på hotellovernattingar medan overnattingar på campingplassar og hyttegrender og vandrarheimar fall med høvesvis 9 og 22 prosent målt mot desember 2019.

– Vi ser no at fleire hotell vel å halde stengt grunna manglande etterspurnad og innreiserestriksjonar. Dette saman med ny regional nedstenging i allereie hardt råka regionar i januar lover ikkje godt for de komande månadene, seier Kvile.

Nasjonale smitteverntiltak for å stogge pandemien blei stramma inn i november 2020 og i stor grad ført vidare i desember. I samband med julehøgtida vart det lempa på nokre tiltak. Det vart i tillegg innførd lokale tiltak i fleire kommunar. Alle som kom til Noreg frå røde land måtte i karantene i 10 dagar. Reglane om bruk av karantenehotell ved innreise til Noreg vart noko endra i desember.

Karantenehotell

5. november  innførte regjeringa karantenehotell gjeldande frå 9. november for å avgrense importsmitte av korona. Den 13.desember endra regjeringa reglane om karantenehotell. Alle som kjem til Noreg må i karantene i 10 dagar. For meir informasjon, sjå regjeringa sine nettsider

Vi klarar førebels ikkje å skilje ut alle karanteneovernattingar. Difor er opphald på karantenehotell  delvis inkludert i tala for overnattingsstatistikken i desember. Hotell som berre nyttast som karantenehotell er halde utanfor statistikken. Personar som er i innreisekarantene  på karantenehotell, kan berre opphalde seg utanfor opphaldsstaden dersom dei kan unngå nærkontakt med andre. Netter på karantenehotell er ikkje å rekne for netter innanfor feriereiser, yrkesreiser eller kurs- og konferanse. Dette er i samsvar med korleis andre europeiske land som rapporterer til Eurostat behandlar dette.